Dei gamle ville ha det slik

gamleELDRID LISTAD: Eg var styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove. Eller «Hjemmet» som det oftast vart kalla. Vi likte det. Dette var ein stad og ein heim der uttrykket «dei gamle» var eit naturleg ord. «Pensjonær» og «bebuar» kjendest framand og litt uverkeleg. Dei gamle som var der den tida, hadde små fordringar. Tida dei hadde vakse opp i, lærte dei det. Det viktigaste for dei var ei varm seng, mat, klede, omsorg og å vita at nokon var der, når livet var på hell.

Når nokon var død, vart den døde «sunge ut», bisett frå stugua i 1. etasje. Dei gamle som kunne og ville, fekk delta. Kista vart kjørt med hest, kjerre eller slede. Nokre av dei gamle var ut etter å sjå kva for fot hesten sette fram fyrst. Ofte hørte vi: «Han sette venstre foten fyrst, så da blir det ein kar neste gong au.» Dersom hesten sette fram høgre foten, vart det eit kvinnfolk. Dei gamle var svært opptekne av og trudde på slike mark. Det var gåtefullt.

Vi var ein liten stab på «Hjemmet», trass i alle oppgåvene. Det var kokka, stugujenta, pleiemedarbeidaren og eg. Alle hadde vi eit rom på huset der vi budde. Om natta vart ringeklokka frå dei gamle sett over rommet til styrar. Ho var ikkje vanskeleg å høre. Tredje kvar helg hadde vi fri. For det meste var det mellom 15-20 gamle, og somme gonger hadde vi sju og åtte som var sengjeliggjande». Folk med store psykiske og fysiske handikap budde på «Gamlehjemmet».

Alle romma var i 2. etasje utan heis, og med eitt bad utan dusj. Det er klart dette var tungvindt.

Attende til det daglige livet. Maten var nok høgdepunktet. Dagen tok til med kaffi på senga kl 07.15 med påsmurt kveitekake. Kl 10.00 var det dugurd, som ofast graut med brødmat og kaffi. Kl 12.00 vart det servert kaffi i 2. etasje. Middagen var sett til kl 15.00, eftaskaffi kl 16.30 og kveldsmat kl 19.30.

Etter måltida skulle oppvasken gjerast unna. Vi hadde ikkje oppvaskmaskin. Men nokre av dei gamle ville så gjerne vera med å tørke oppvasken. Skrelling av poteter og rensing av bær var alltid populært. Som «lønn» fekk dei ein ekstra kaffitår ved kjøkkenbordet. All servering gjekk føre seg både i 1. og 2. etasje på grunn av trappa.

  1. mai var ein stor dag. Etter gudstenesta kom Hundorp musikklag og spelte både ute og inne. Etterpå fekk heile musikklaget middag.

Sør-Fron pleiehjem var au eit lite gardsbruk. Vi hadde grisar, høner, og ein sommar hadde vi 15 kyllingar ute i hønsegarden til stor glede for alle.

Alle kleda vart vaska i bryggjarhuset av oss. Når kleda skulle rullast, var gamle Morten på plass for å dra rulla.

Hausten var ein travel tid. Rips og solbær skulle plukkast. All saft vart laga på kjøkkenet av kokka på den gamle måten. Ingen moderne saftkokar. Rekkja av saftflasker som vart korka og sett i kjellaren, var lang. Vi hadde også poteter som skulle opp av jorda, og da leigekaren Olaf kom med hest og annan reiskap, vart det liv på gardsplassen. Sjølv om helsa ikkje var så god, måtte den enkelte få vera med ute på åkeren. Høgdepunktet var nok om kvelden, da det vart servert nypotet kokt med skalet på saman med meierismør og kokost (kokt pultost) med god sur og søt mjølk. Dette var eit måltid som mange var kjende med før dei kom til oss.

I god tid før jul skulle det slaktast. To store grisar stod feite i fjoset. Slaktar og slaktarkjerringa kom til gards, og store mengder kjøttkaker og innmatkake vart lagt ned på glas og hermetisert. Skinke vart salta på stabburet, og ribbe og andre ting vart plasserte i fryseriet på Lillehove.

Ei lita hending frå denne førjulstida fortener å få bli med. Etter ei våkenatt over ein som var sjuk, måtte eg ned og hjelpe slaktarkjerringa. Sliten som eg var, kom utbrotet: «Nå er fjøra nedgått!» Til svar fekk eg: «Veit du at med ditt arbeid må du vera som ei klokke som kan trekkjast opp att for å vera like god!» Den satt!

Etter slaktesjauen kom bakstekjerringa, og store haugar med flatbrød og lefse vart laga. Lukta av nybakt lefse fekk mange til å rusle ein tur til bryggjarhuset for å få sjå baksten.

Julotta midt på dagen var det sylte, lefse og mjølkegryn. Utpå ettermiddagen kom presten Sverre Hov og heldt juleandakt. Andakta vart halden i 2. etasje grunna troppa.

Julemiddag var ribbe, pølse, heimelaga øl og riskrem. Maten vart servert nede i spisesalen og i 2. etasje.

Etterpå var et kaffi, kaker og alle fekk kvar si julegåve av «hjemmet».
Sett med dagens augo var dette svært enkle kår. Men ein ting treng vi kanskje ikkje gløyme, at dei som var gamle den tida, ville ha det slik, Stats og glitter var ikkje noko vilkår for trivnad og velvære og for å ha det godt.

Frå Fronsbygdin 2008, publisert her første gang 30.12.2014

0 Comments

Submit a Comment