[youtube=http://youtu.be/Rw_dMM58wQc]
Fristen for å vera med på videokonkurransen til historielaget går ut 8. september. Du konkurrerer om 10 000 kr i preimiar. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Dei som nå er 80 år gamle, vart fødde i 1934 og var seks år gamle da krigen kom oppover dalen. Dei fekk ein barndom med rare klede og lite moro. Dei var 20 år gamle i 1954, da Elvis Presley slo igjennom saman med grammofonen. Dei var 30 år gamle da The Beatles hauka seg inn i hjarta. Dei har opplevd store klasseskilje i Fron, dei har kjørt i mange rare kjøretøy, dei lærte praktisk kunnskap som er i ferd med å bli borte. Korleis skal du oppbevare mat når du ikkje har frysar?
Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film, bilde, nytt og gammalt, legge på lyd, musikk, tekst. Skapande og spennande og eit dokument for framtida. Du har laga ein lokalhistorisk video som kan gje deg 5000 kronar i premie. Eller 3000 kronar. Eller ein tredjepremie på 2000 kronar. Så langt har tre meldt frå at dei vil vera med på historielagets videokonkurranse.
Det er berre å bla i alle årgangane av Fronsbygdin, så regnar det tema for ein lokalhistorisk video. Gje oss gjerne ei melding om at du tar sikte på å vera med.
0 Comments