CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan seie mykje rart og sikkert mykje kritisk om Facebook. Men vi kan vel gå ut frå at noko Mark Zuckerberg ikkje tenkte på da han lanserte Facebook 20 år gammal i 2004, var at han gav lokalhistorisk faktainnsamling ei storarta gåve. Fjesboka er eit svært så velegna medium til å samle inn opplysningar om gamle foto. Fron historielag sit på meir enn 37 000 foto, som Vegar Skar har skanna inn. Dei fleste er ikkje identifiserte. Det er snart 1300 som følgjer Facebook-sida til historielaget, og blant dykk er det mykje lokal- og personkunnskap samla. Zuckerberg og hans folk har gjort det utruleg enkelt å setje namn på andlet og kommentere. Dei fleste av dei snart 1000 bilda som er lagt ut på sida så langt, har vorte identifiserte. Det kunne ikkje vore gjort så snøgt og så enkelt på noko anna vis. Takk for det. Og denne store dugnaden held fram med fynd og klem i 2014. (I tillegg til arbeidet på FB-sida til historielaget går det føre seg mykje på FB –sidene «Du væt du e frå..» som du finn nede til venstre på denne heimesida.)
Nr 2 fra venstre er Åse Wangen. Nr 3 er Sigrunn Wangen.