Kæin itte storingæin leva tå blann?
PAUL HENRIK HAGE: Dette er ei gammal, samfunnskritisk vise sungen av Maria Lykkjom i eit opptak frå 1954. Eg har skrive ned teksta slik det høyrest ut for meg. Har du kommentarar eller forslag til endring, vil eg gjerne høyre det. Maria Lykkjom likte å syngje gamle viser, og ho kunne tallause utanåt. Ho var bestemor mi og vart født på Skinnehaugen i Ruste 1. mai 1874. Ho døydde på Lykkjom i Sødorp 2. juni 1969, 95 år gammal. I 1954 gjorde Johannes Kolås som var lærar på Sødorp folkeskule, eit opptak der ho fortalde frå livet sitt og song nokre viser. Her er ei med tekst på fronsmål av ukjend opphav. Er det nokon som veit meir om denne visa? Her er teksten:
Lensmæinn sade te (seia til: klandre, laste) bønner
så de æ jammerle.
Å klukkarn hæin æ nå såm honnæin
me kjefta så fø n se.
Å presten vil e itte tålå om.
N æ n fale mæinn.
Å fauten æ verre heill æille
N fante døm æille åt se
N tålå om denna dyre tia så snåpæin (snikjarane, snokane) gjerre se sjøl
Tå køynne breinne døm brennvin
å sea gje døm krytjyrom mjøl.
Kæin itte storingæin leva tå blann (utspedd sur mjølk el. mysu) å hånndagsmat så vel som fanten fæ gjera
såm streve både natt å dag?
Å denna forbeinna skatten døm leigg på lause fålk.
Døm snikje nå verre heill katten når kjerringa kjem inn me mjolk. Men kå e har å skatte tå?
E har da ingen gard.
De vesle såm e fortene går bort te klæe å mat.
Nå æ e vel fårsynt me gron (korn el. mjøl).
E har e hælv ponn mjøl.
Å sugele (suvl: kjøtt og flesk) vil e itte tålå om.
E har e mårk (mark: 1/4 kg) heill tu.
E har te de li utpå såmmårn e stonn, å sea så fæ de bero.
Å når de li te øynnas ti, da skikke storsnåpæin bo at de ska kåmå så mange såm lelleheita ha.
Men når døm fæ lås på låvin sin, så tråtte (trotte: tole, herde) døm itte sjå fanten gå.
Denna visa syng e hårr e går, syng denna hårr e kjem.
Å denna syng e e store lag å itte e småe samkvem.
Så snåpæin tråtte itte høre de. Døm meine e syng om se.
Å æille di store slæ hugua ehop, å kåkken (?) døm sette døm ne.
0 Comments