
Ove Sperstad og Harry Stener jobba med klebersteinproduksjon i 1988. Tidleg på 1970-tallet vart det bygd ny industrihall sør for Kvam sentrum. Verksemda vart kjøpt av Norsk Hydro og AS Granitt i 1995. I dag har berre nokre få mann arbeidet sitt der.
RAGNAR ØVRELID: Karavanane med klebersteinlass skapte eit særpreg i Kvam i ei vanskeleg tid. Hestekarane køyrde alltid i flokk. Men trafikken var ikkje ufarleg. Og det gjekk hardt ut over hestane i unnabakkane. Særleg var Veiklebakkane vanskelege med dei tunge lassa. Det galdt å få med så store lass som råd, dei fekk betaling etter vekt. Dyrvernet i Nord-Fron måtte gripe inn i 1936 og påtale for tunge lass. Dei var i regelen 3 tonn, rekorden skal ha vore 4 tonn.
Dei rike klebersteinforekomstane i Kvamsfjellet har nok folk nytta seg av i uminnelege tider, i steinalderen til våpen, sidan til gryter, peisar og omnar. Industriell utnytting av kleberstein vart det først frå 1931. Da kom Sverre Sætre og Reidar Smedstad frå klebersteinmølla i Lalm og starta drift i Kvam. Smestad var driftsingeniør, Sætre tok seg av kontorarbeidet.
Stein tok dei ut ved Haugsetra. Heilt fram til krigen var det dagbrot. Her arbeidde eit lag på seks mann året rundt, bortsett frå nokre veker om våren. Arbeidarane hadde gjerne jord ved sidan av og fekk fri i våronna. Mesteparten av arbeidet vart gjort med hand, også pålessing av vognene. Men gruva fekk installert elektrisk kraft i 1930-åra til vinsj, som drog steinlassa. Frå starten av var det berre dieselaggregat til lys.
Så vart steinen køyrd med hest på vinterføre ned til Kvam. Opp til 50-60 køyrekarar og hestar kunne vere med på dette. Trafikken gjekk døgnet rundt, det galdt å vere først ute om morgonen for å få lass. Hestane gjorde ein tur om dagen.
Køyringa var ettertrakta. I 1935 kunne mann og hest tene opp til 10 kroner dagen. Vanleg timeløn for arbeidsfolk var da 50-60 øre. Mange hadde ingenting. Da Sygard Røssum bygsla bort grunnen til klebermølla, heldt garden seg rett til køyring. Det kom hestekarar frå Sjoa, Ruste og Kvikne for å vere med på denne vinterkøyringa. Dei budde da gjerne i Kvam i sesongen. På kaféen hos Sletten, hos Rudland og i fleire privathus var det kaffi å få døgnet rundt. Særleg populært var kaffipausen hos Anne Viksbakken. Da kvilte dei, på toppen av Veiklebakkane, når det tyngste av oppoverturen var gjort.
I sjølve mølla skulle steinen vegast, tørkast, knusast, malast, siktast og finmalast. Det gjekk mykje ved med til tørka, ein mann hadde full jobb med kløyving og fyring. Mølla gjekk heile året, ofte døgnet rundt i tre skift. Arbeidarane gjekk fast formiddagsskift frå klokka 6, i neste omgang ettermiddag 14-22. Så var det smørjedag av maskinane laurdagen til klokka 14, og så på nattskift frå søndag klokka 22.
Dei produserte finmalt talkum, først og fremst til takpapp og annan papp. Noko gjekk til kunstgjødsel, til sparkelstoff og anna. Ei tid laga dei også skifermjøl på basis av skrotskifer frå Otta. Mjølet fylte dei i 100 kg jutesekkar, som skulle løftast med hand og førast på trillebår.
Siste fasen i arbeidet var å frakte sekkane på lastebil til jernbanestasjonen. Da rauk det steinmjøl over heile Kvam, og arbeidarane var kvite som bakarar.
Det ferdige produktet, klebertalkum, vart for ein stor del eksportert til Sverige, England og andre land. Eksporten gjekk gjennom agentar, og det mangla ikkje på bestillingar. Bedrifta gjekk utan stogg gjennom heile 1930-åra.
Arbeidsstokken var i regelen 30 personar som var faste, på fjellet, i mølla og til biltransporten. I tillegg kom køyrarane.
Noko sunt arbeid var det ikkje. Ingen gjorde sikringstiltak mot steinstøvet, avluftinga i mølla skjedde berre med naturens hjelp. Men det var lite sjukdom blant arbeidarane og lite skoft.
Klebersteinmølla var ei nøkkelbedrift i Kvam, og skaffa folk fast arbeid, det var det viktigaste i dei vanskelege 1930-åra. Lønningane var det heller ikkje mange som klaga på, sjølv om det brygga opp til ein streik i 1936. Først i 1945 vart arbeidarane organiserte i Kvam klebersteinarbeidarforening, tilslutta Norsk arbeidsmannsforbund.
Lokalbladet på Kvam er synleg stolt over at bygda har denne arbeidsplassen og kjem stadig med optimistiske meldingar om bedrifta. 1935:
Mølla går nå av og til med nattskift. Leverer en mengde fin-fin vare talkum til mange land.
og i 1934:
Mølla går delvis døgnet rundt. Her får flere mann arbeid hele året.
Og det var det vesentlege i denne tida.
Sverre Sætre dreiv saman med Kristian Skog også klebesteinbedrifta på Sjoa, der dei laga omnar, peisar og griffelstein til å skrive med.
0 Comments