OLE CHR. RISDAL: Her er det siste Sigmund Hernæs-måleriet frå bygdahuset i Skåbu. Kva som er opphavet åt namnet på fossen, er det nok fleire som har grunna på. Frå gamalt åtte Kampesetra all jordvegen nedover til Kamsfossen. Det er da lett å tru at garden og fossen har samband med kvarandre. Men bokstaven «p» har ikkje vore med i namnet korkje i skrift eller tale til vanleg. Såleis lyt ein tru at det har noko med kam å gjere. Dersom ein tek seg ein tur over til andre sida av fossen, vil ein finne fleire høge kammar med djupe dalar imellom, som strekkjer seg frå godt oppi lia og nedover mot fossen. Det har vore sagt at da gamlekarane i Fosse nemnde stroket på baksida åt fossen, sa dei: «Bortpå kammom». Ein kan såleis ikkje sjå bort ifrå at dette er opphavet åt namnet. Men i nokre samanhengar har det vore skrive Kamfossen, f. eks i jubileumsskrivet Lysstreif over 60 år-1916-1976, utgjeve av Fron-Ringebu Elverk. Mogleg er dette rett, men i bygdetalen seier ein altså Kamsfossen.
Fossen har vore utnytta sidan 1600-talet. Nesten kvar einaste gard hadde bekkekvern. Det fall seg naturleg at gardane som låg nærast fossen, hadde kvernhusa sine der. Slåa hadde kverna på baksida ved «Keiseren». Den gamle Fosse-garden hadde si på solsida. Kraftstasjonen vart bygt på lag der kvernhuset stod. I 1833 slo Nedre Veslum, Slåa, Nedre Fosse og Nigard Harildstad seg saman og bygde ei oppgangssag på baksida ved det øvste fallet i fossen. «Kamssaga», som dei kalla ho, var etter tida ei gild sag. Her kunne ein setje inn sju blad, slik at saginga gjekk snøggare unna. Det var ikkje vanleg med timebetaling den gongen, men det vart ordna slik at ved leigeskur vart det betalt ved at kvart tredje bord av kvar stokk tilfall eigarane av saga. «Kamssaga» stod til fyrst på 1920-talet. Rundt 1900 var det fleire store tømmerdrifter i Kamsfossen. Den mest omtala av desse var Dørumdrifta. Da vart det hogge 10000 tylfter på Murudalen, og eit liknande parti i Espedalen. I alt 80 mann var med i fløytinga den gongen. Elva skulle bli nytta til fløyting til fyrst på 1960-talet.
I 1907 kjøpte staten fallrettane i Kamsfossen for å hindre at engelskmennene fekk tak i desse. I 1916 kjøpte Hamar, Vang og Furnes kommunale kraftselskap rettane for ein million kroner. Utbygginga av Kamsfossen begynte i 1917 og vart fullført på 1950-talet. Da vart Olstappen regulert slik han er no, 6,5 meter opp og 6,5 meter ned. (Dørumdrifta vil bli omtalt i ein seinare artikkel)
Kjelde: Torger T. Risdal (Ymse gamalt frå og omkring Skåbu)
0 Comments