«Du fe leva så vel»

14 år har Arild Teigen brukt på å finne ut av historia om utvandrarane Fredrik og Rønnaug Teigen og dei fem borna deira. Ikkje i samanheng da, seier Arild, med eit lurt smil. «Inkort ha è forrè med i millomti’n au», men det har vorte mange dykk i kjelder og samtalar med personer, som kunne veta noko om skjebnen til familien frå Kvam. Torsdag kveld fortalde han historia til vel 100 lydhøyre tilhøyrarar på Sødorp Gjestgivergård.

Året er 1867, og utvandringa til Amerika har teke seg for fullt oppatt etter borgarkrigen. Amerikanske myndigheiter lovar bort store areal til dei som vil freiste lukka og busette seg i midt-vesten. I Minnesota veks det opp store koloniar med utvandra nordmenn, og flest kjem det frå Oppland og særleg Nord-Gudbrandsdalen. Totalt utvandra 850 000 nordmenn i perioden 1825 til 1930, samstundes som folketalet dobla seg i Noreg til godt og vel 2,2 millionar menneskje.

Arild Teigen tek oss med på ei reise frå det vesle bruket Mælingen, på 8 mål dyrkamark, til store sletter med steinfri jord i Tunsberg, Chippewa County i Minnesota. I Kvam levde 30% av dei 2025 innbyggarane under fattigdomsgrensa, og Mælingen var nok ikkje nok til å brødfø ein familie som stadig var i vekst. I 1866 selde Fredrik og Rønnaug Mælingen til Fredriks bror, og på vårparten i 1867, reiste familien på sju sørover samen med mange andre Kvamværer og Frøningar . Mange av dei var samla på Teigen før avreisa, og dei visste nok at dette var siste gongen dei skulle sjå heimbygda. «Du fe leva så vel». Det var vanskeleg å finne ord i slike stunder…

I Christiania tek dei om bord på seglskipet «Reha» og båten kastar loss 6. mai 1867. Etter 7 vekers seilas kjem dei endeleg fram åt «Det forgjette land», men no teller familien berre seks. Minstejenta Marit er ikkje å finne i protokollane over emigrantane og må ha døydd under overfarten. Dei tek seg sørover og inn i landet, via Chicago, til Olmsted i Minnesota. Her oppheld familien seg eit par år, før dei på ny reiser vidare vestover til Chippewa, kor dei ender opp.

Arild tek oss gjennom folketeljingar, og vi ser at familien aukar etter ankomsten til Minnesota, men at òg nokre fell frå. Fredrik og Rønnaug kom aldri attende åt Kvam, men i 1972 besøkte eit av oldebarna deira Kvam, og ringen var med det på ein måte slutta.

Vi takker Arild for eit gnistrande godt foredrag med innleving og ei historie der nok mange av dei frammøtte kan trekke parallellar til sin eigen familie.

Loading

0 Comments

Submit a Comment