Du har noko

by | 6. apr 2014 | Informasjon | 0 comments

fornsbygdinologo

Noko du har lyst til å sjå nærare på. Nokre folk du vil prate med for å få greie på korleis det var og kva som hende. Noko du vil leite etter og lese og sette saman til ei forteljing. Noko du har vore med på. Det ligg noko i eit skap eller ei skuff eller ei kiste på loftet. Det er noko du har interessert deg for og veit litt om. Du kunne tenkje deg å komme i godt lag med dei som skriv historia om Fron i årboka Fronsbygdin kvart år. Det er berre å ta ein telefon for å lufte ideane. Til redaktøren Rasmus Stauri, 976 13 272. Ein uforpliktande prat, der du kan få råd og godt med erfaring og kunnskap i ryggen. Du har bra med tid. Boka som kjem til hausten, Fronsbygdin 2014, er snart i produksjon. Det er Fronsbygdin 2015 som nå skal ta til å løfte på seg. Ja? Du har noko, ikkje sant? Frå 1800-talet? Gjerne det, men hugs at også 1990-talet nå er historie.

0 Comments

Submit a Comment