Ein feststemt kar ville danse meir
HARALD RUDI: Eit ungdomslag i bygda skulle feire jubileum, ei lang rad menneske var invitert, gamle som unge. Feiringa gjekk føre seg midt i femtiåra. Her vart servert tradisjonell landsens mat – rumgraut og spekemat, drikke var heimebrygd øl. Stemninga steig etter kvart, og på full mage skulle festlyden ta til med gamaldans. Dette var i den lyse årstida, og ettersom dansen gjekk lystig vidare, begynte sola å vise seg. Med stutte pauser heldt festen likevel fram utover morgonen, men ein gong måtte denne trivelege samkoma ta slutt. Leiaren for trioen reiste seg og ropte ut i salen: SISTE DANS! Vi fekk spela ein til, takka for oss og skulle til å pakke ned instrumenta, da ein velvaksen og framleis feststemt kar kom opp på scena og sa følgjande:
Spelle ´økk itte ein té åt mé, så spæinne e´hol ti bassen din!
Vi hadde ikkje noko val. Men da var klokka halv ni sundagsmorgonen.
0 Comments