-Ei debutplate det luktar svidd av

Fron historielag er med når brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron gir ut ei debutplate. Styret har vedteke å bidra med kr 5000 til prosjektet. På videoen over kan du høyre dei saman i godt driv på Øykjelykkjesetra 3. august i fjor. Brørne skriv:

Me vil lage ei debutplate det luktar svidd av. Modernisering av folkemusikken er det ofte musikarar som kjem frå andre stilar som står for. Men me voks opp med denne musikken, og me har lært den hjå eldre spelemen

Å gje ut ei plate med eit personleg uttrykk er eit veldig viktig steg for oss som unge musikarar, for å presentere oss for både publikum og musikkbransjen. Ein er nøydd til å kunne vise til ei plate for å få spele på dei største folkemusikkfestivalane og – klubbane. Me er invitert til å gje ut debutplata vår på det fremste plateselskapet for folkemusikk i Noreg, Talik, og det å gje ut ei plate hjå dei har mykje å seie for at me vert tekne seriøst og at fleire folk kjem til å høyre plata vår.

Dei to unge er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg. Til brør å vere har dei to ganske ulike musikalske bakgrunnar, men i denne duoen samarbeider dei om ein felles ide om å spele fantastisk folkemusikk. Når dei spelar saman, tek dei i bruk folkemusikkrepertoaret frå Midt-Gudbrandsdalen, og springleikar, hallingar, samt ein og annan vals vert framført i gnistrande samspel. Dei har spelt den tradisjonelle musikken frå Fronsbygdene sidan dei var små og kan denne stilen ut og inn. I tillegg eksperimenterer dei med harmonikk, rytmikk og melodiliner som arbeider både med og mot kvarandre. Gjennom improvisasjonar og utstrakt bruk av ulike instrumentteknikkar, har dei som mål å leggje fleire fasettar til folkemusikken – og slik opne den opp for eit nytt publikum.

Hans Kjorstad fekk Øyvind Bergh minnepris i 2015.

Mange ser fram til å høyre denne plata!

 

0 Comments

Submit a Comment