Ei lita historie om Kvam

Dei skulle sett Lågen bru, dei som måtte lage isbruer for å komme seg over. Ill: Statens vegvesen

RAGNAR ØVRELID: Kvam utvikla seg til eit lite sentrum på 1800-talet. På Vik var det skysstasjon frå 1600-talet og til 1800-åra. Her låg kyrkja til 1775. På grannegarden Sigstad budde futen frå 1809 til 1909. På Vik kom første landhandelen i bygda, den vart driven frå 1840-åra til ikring 1870. Handelen vart sidan ført vidare på ein annan av grannegardane. I 1889 byrja Ola. E. Klomstad og Olav Forbrigd (født Hvattum) landhandel på Sigstadvollen. Der var det også postopneri.

nfw_136677.t448682ad.m1600.x95c82448

Sigstadvollen 1959. Foto Schrøder/Wideøes

I 1775 hadde bygda fått ny kyrkje. Kyrkja vart da lagd lenger nord, på Røssums grunn. Og mot slutten av 1800-talet hadde det verdslege senteret trekt seg etter nordover.

Den nye kyrkja trakk sentrum mot lausmassane.Bilde frå Forbrigd/Vegar Skar

Den nye kyrkja trakk sentrum mot lausmassane. Bilde frå Forbrigd/Vegar Skar

I 1868 bygde dei den første fastskolen i Kvam. der Kvam skole nå ligg. Skolejord fekk dei frå Litljem (Lillejevne), ein gard som nå ligg under Klevstad. Nytt skolehus vart bygt i 1916.

Skjermbilde 2020-06-18 kl. 14.55.45

Hest med firehjulsvogn på Klevstad skysstasjon i Kvam

I 1860-åra vart skysstasjonen flytt til Klevstad. Og i 1896 kom jernbanestasjonen på Klevstadvollen. Da vart det slut med skysstasjonen, på Klevstad kom det i staden hotell og sanatorium. Det stod ferdig i 1901, der vertshuset Sinclair ligg i dag.

 

Det kom spirar til ny industri. I 1900 starta Kvam dampsag nedanfor det nåverande samvirkelaget.

Mot Kvam 1917

Mot Kvam 1917

Og det kom nye forretningar. Ole E. Klomstad flytte butikken sin frå Sigstadvollen til Klevstadvollen. Der handla han i ei gammal bygning frå Leine. Der var og den første telefonsentralen i Kvam. Even Stormorken overtok handelen etter han, deretter Kristian Rudland. Den gamle Leine-bygninga brann i 1930-åra, og Kristian Rudland bygde da den butikken som nå er i bruk.

Lite var att av Teigabua/Killibua etter krigshandlingane i april 1940. Foto frå Gudbrandsdal Krigsminnesamling.

Etter 1900 starta Petter Røssum landhandel på Teigen, Teiga-bua, som Bjarne Veikle overtok, og som Simen Killi nå driv.

Enda litt lenger nord, på Skreddarstugu, ved Vetlåa, der den gamle kvernvegen tek av, var det ein gammal butikk. Frihandlaren Knut Holen frå Leinbakkane handla her frå 1847. Handelen vart overteken av brørne Ole Chr. og Iver Sletten frå Mælum. I 1874 vart Kvam handelsforeining skipa i same huset, og Ole Chr Sletten vart styrar. Handelsforeininga vart oppløyst i 1889. Ole Chr Sletten overtok butikken igjen, og i hans slekt har forretninga vore sidan.

I den store bygninga ved sida av gamlebua dreiv Karen og Oline Sletten kafé. Kafébygningen vart flytt hit frå Krok, som Ole Chr Sletten åtte ei tid. Kaféen vart ein samlingsstad for bygdefolket heilt opp til siste krigen. Utanfor spela karane kort om kaffibetaling laurdagar og søndagar. Hos Sletten var det også bakeri. I 1934 flytte butikken inn i nytt hus nedanfor vegen, der den framleis ligg.

Kvam sentrum strekte seg altså nord til Vetlåa, der vegen til Veikledalen og fjellet tek av. Der var også overfarten over Laugen til baksida, sommar og vinter. Og der kom tømmerlassa frå fjellet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Nord for Vetlåa grodde det opp små hytter og stover, som hyste mykje fattigdom og nød. Ingen skulle tru det når dei i dag ser dei nye byggefelta som har vakse opp her.

nfw_136756.t447ff7ff.m1600.x60c0c6f9

Kvam klebermølle i 1959. Foto: Schrøder/Widerøe

Den nye tettstaden Kvam langs riksvegen Klevstad til Sletten voks fram i tida kring 1900, særleg på grunn av jernbanestasjonen. Sidan vart det få endringar på staden. Først i 1930-åra tok utviklinga til att. Da kom klebermølla og arbeid og køyring som følgde med den. Det kom nye forretningsbygg og nye kafear ved Åa og hos Rudland. Rondablikk hotell, som vart bygt i 1930-åra, og all hyttebygginga på Kvamsfjellet har ført til aukande verksemd.

 

Slik såg han ut,  første bilen som kom til Kvam.

Kvardagslivet i senteret hadde også forandra seg. Bilen kom i 1920-åra. Den første var ein T-Ford som Petter Røssum og Simen Veikle hadde. Den brukte dei mellom anna til jordmorskyss til Vinstra. Lastebil kom ikring 1930, Gundere P. Bakken dreiv leigekøyring med eigen bil. Han køyrde lenge for klebermølla til stasjonen.

Ungdommen fekk meir å ta seg til. I 1920 vart Kvam idrettslag grunnlagt. Dei hadde hopprenn i Klomstadbakkane med 18 m som kritisk punkt. Bakkerekorden var på 18,5 meter. Friidrett og fotball dreiv dei på Per-Smedlykkja nord for Storåa. 100-meteren sprang dei på riksvegen. På elva hadde dei skøyteløp og la ned mykje arbeid for å halde isen rein for snø.

I 1925 fekk Kvam musikkforeining, i 1930-åra songkor. Ungdomslaget hadde sitt eige hus ovanfor riksvegen ved Vik, bygt i 1904. Huset enda sine dagar i 1970-åra som Sinclair-museum.

I 1920-åra fekk bygda elektrisk lys. Kvam telefonsentral var på kjøkkenet til Erland Røssum ovanfor Skreddarstugu. Der var det også bibliotek. Posten kom til jernbanestasjonen, men mykje vart utsortert til Sletten-butikken og Teigabua (nå Killi), så faste kundar kunne hente brev og aviser der.

Det må nemnast spesielt at Olaf Ingv. Ødegård (opprinneleg bakar) i åra 1934-1940 gav ut den einaste avisa  som har vore i Fron. (til Dølen kom ut med sitt første nummer 31. juli 1997. red.anm.) Bladet kom nokså uregelmessig ut og hadde skiftande namn: Bygdebladet, Gudbrandsdal Bygdeblad. Avisa inneheldt mykje artig lesing og gir mange glimt av bygdelivet i Kvam i 1930-åra.

Eit problem i Kvam var å kome seg over Laugen til og frå baksida. Kommunen ordna med båtskyss til skolebarna til Brekka, Kvam og Kjørum. På førvinteren, før isen var trygg, laga dei isbru. Dei hogg flak av landisen som la seg først og batt isflaka samen med kvist og stokkar over elva. Det var erfarne tømmarfløytarar som gjorde dette. Dei hadde inga frykt for elva, ikkje eingong i mørke kveldar når dei kom frå Slettenkaféen og skulle heim att over Laugen.

Brua over Laugen ved Kvam sentrum kom først etter siste krigen.

SS-OB-0497

Nord Fron, Kvam, 11. august 1946 avduking av minnestein over falne under krigen 1940-45. Den sto da der Skottelåven sto på Klomstadjordet.

Frå Historia om Fron, bind 1

 

 

 

 

2 Comments

  1. Per Schaanning

    Morsomt aa lese, det var faktisk en hel del nytt for meg aa ta tak I…om gamle Kvam sett over de siste 250 aar…Det skjedde mye etter 1920 aara..

  2. Torild Svelle

    Veldig artig lesning for en utflyttet Kvamvær og bildet fra Klevstad og hotellet/sanatoriumet henger på veggen her hos meg….

Submit a Comment