Til minne om Vegar Skar (1945-2021)

RASMUS STAURI: I 2020 vart Vegar Skar frå Sør-Fron utnemnd til æresmedlem i Fron historielag. Han gjekk bort 21. februar i 2021, og fekk såleis glede seg over æresmedlemskapet i historielaget det siste året han levde. Det synlege uttrykket hekk på veggen på rommet hans på Sørheim omsorgssenter, der han budde ei tid før han døydde. Vegar Skar vart fødd på bruket Nedre Skar 23.9.1945 og var yngst i ein syskenflokk på tre – ein ordentleg attpåklatt. Etter eit par år flytta familien ned i bygda til plassen Furumo nedafor Lillehove i Sør-Fron, og her voks han opp. Han reiste ut på kvalfangst midt på 1960-talet, og han arbeidde på Vinstra-anlegget og Harpefoss-anlegget før familien flytta til Drammen. Resten av arbeidslivet arbeidde han som bygg- og anleggsarbeidar i Oslo. Han og Else (f. Wahlquist) fekk fire ungar; dei opplevde å bli besteforeldre, og dei fekk også eit oldebarn.
Vegar Skar var ein logn og samvitsfull person. Han dreiv ikkje med store fakter eller brukte store ord om seg sjølv, men likte å leva meir i det stille med daglegdagse gjeremål og oppgåver. Vegar var samfunnsengasjert og var aktiv medlem i fleire foreiningar, både i Lions og i Fron historielag. I fjellet treivst han særleg godt. Han var ein familiens mann, og ikkje minst fann han stor glede i slektsgransking.
Interessa for historielagsarbeid vakna tidleg. Han hugsa detaljar både når det galdt folk og stader i lokalmiljøet, og han hadde eit klårt minne som ikkje vart svekka med åra. Nettopp derfor vart han ein god medlem i Fron historielag.
Les også: Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra.
Foto og bilde er ein viktig del av historisk arbeid, og eit godt foto kan fortelja meir enn mange ord. Vegar var lett å spørja når det vart tale om å byggje opp eit lokalhistorisk fotoarkiv for laget. Gjennom fleire år skanna han om lag 40 000 foto frå Nord- og Sør-Fron. Dette var eit arbeid han gjorde med stor glede og interesse, og han var ein gjennomført systematikar og ordensmann. Ikkje eit einaste foto i eit innlånt album vart oversett. Etterpå kopierte han det innsamla og digitaliserte fotomaterialet, og den enkelte som hadde levert eit album eller eit fotografi fekk levert digitaliserte kopiar saman med det originale materialet. Dette store arbeidet vart gjort på idealistisk grunnlag, og det vart gjort vederlagsfritt. Han fann svært stor glede i dette.
I ettertid ser vi alle kor viktig dette arbeidet er. Dei mange bilda frå fortida fortel mykje i framtida. Vegar visste dette, og brukte all ledig tid på å sikre denne kulturskatten.
Fron historielag takkar Vegar Skar og lyser fred over det gode minnet.
Vegar var en av ungene jeg vokste opp med i Hyttebyen. Vi ble ganske gode venner og jeg var mange ganger på besøk hjemme hos ham, der jeg også ble kjent med Inger og Otto. De hadde mange høner og Vegar og jeg hadde mye morro med å grave fallgraver og fange hønene med en lem som falt over hullet når hønene gikk nedi for å finne mat. (De ble umiddelbart sluppet løs). Ellers drev vi med mye rart borti Tøllskogen sammen med de andre lokale ungene. I ungdommen ble vi trukket i forskjellige retninger. Jeg skulle gå på skole og Vegar ville jobbe. Men jeg husker at jeg en sommer var med han på besøk hos Else på sætra i Øldalen hvor hun var budeie.
Vi mistet etter hvert den løpende kontakten, men vi møttes av og til ganske tilfeldig og da var det alltid hyggelig å slå av en prat om det ene og det andre – mye om gamle dager og om fisking.
Fred over Vegars minne!