FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein mann, ein snau fekar frå Heidal, som dreiv på med å setja op eit gjerde. So kom det bortåt honom ein mann med raudt hår og spurde: «Var du ikkje med då Vår-Herre skifta ut håret, du då?» «Jau,» svara den snaude, «men det var att berre noko raudt, stygt noko, og det vilde eg ikkje hava.»
So var det ein gong den same fekaren trefte nokre kjerringar og bad dei med seg inn på kaffe. Då han tok av seg luva, sa den eine kjerringa: «Hadde eg havt so lite hår som du, vilde eg havt luva på meg.» Men då svara fekaren: «Hadde eg havt so fåe tenner i kjeften som du, so hadde eg ikkje vilja gapt til og sagt dette.»
Det var ei kjerring i gamle dagar som skulde vaske hos seg. Fyrste dagen vaska ho golvet og andre dagen vaska ho veggene, og den tredje dagen vaska ho taket, og fjerde dagen strødde ho all oska utor omnen utover golvet og leitte etter ei synål.
Du finn alle segnene på ei samleside.
0 Comments