Gudbrandsdal Energi har gjeve ut ei flott og interessant jubileumsbok om dei siste 25 åra, skrive av Ingar Sletten Kolloen, Asbjørn Ringen og Håkon Sveen. Ho er gratis. Du kan få ho m.a. på biblioteka. Ein kan mistenkje at Håkon Sveen har prata med mange og samla gode historier, for boka er full av dei. Her er ei:

teikning: HERB
Ein norsk vinter inneheld ikkje berre godversdagar. Nokre dagar kryp kvikksølvet i gradestokken såpass langt ned at det er tryggast å finne fram til «arbeidsrom» der ein kan halde fingrane nokonlunde mjuke. I alle fall dersom ein skal gjere unna litt «finarbeide».
Dei skjønte det karane som var i ferd med å skøyte ein kabel i styggvêr inne på fjellet. Dei fann ut at løysinga måtte bli å setja seg inn i førarhuset på bilen. Sjølv om dei måtte opp med båe dørene, ville det halda seg varmt ei stund. Dørene kom opp, kablane på plass, og samankoblinga gjekk greit.
Og dermed var alt i orden?
Naj. Med ´n ihopkobla kabel tvers gjennom førarhuset på bila, var det uråd å kåmmå sé åt att, amma da….
Antar at dette er en god skrøne, med så smarte folk som sikkert hadde vært ute en vinternatt før ville de ha løst en slik floke ganske elegant….bare ved å la skjøtet kabelbrudd gå ut fra den samme vindusåpning ved kun å legge inn en kabel «sløyfe»…..:-)