Presten Sverre Hov om den viktige julehelsinga

«Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul.» Bilde frå Marita Aanekre
SVERRE HOV I FRONSBYGDIN BYGDEBLAD 4 1971: Det er ein vakker og god skikk dette, å sende helsingar og gje livteikn frå seg, sjølv om det ikkje er oftare enn ein eller eit par gonger i året, so i allfall til jul. Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul. Det kan vera gamalt venskap, frå barndom eller ungdom. Ei julehelsing kan vera som eit handtrykk over lange avstander og lange tider. Så har dei ikkje gløymt kvarandre!
Det er rart med ei helsing. Eit lite kort, eit lite brev eller ei lita gåve, eller i nyare tid: ei radiohelsing, kan skape stor høgtid i stova. Mang ein sjømann har grete over ei helsing, eit lita gåve, frå heimen eller heimlandet julekvelden.
Når folk møter kvarandre denne tida, gje dei kvarandre gjerne handa, og so lyder det fritt og glad: God jul! Gledeleg jul! Det er ei vakker og ljos helsing. Midt i all verdsleggjering, materialisme og avkristning er dei i bruk og i hevd, desse gode ord. Og det kan vi vera glade for. Om dei ofte kan vera nytta tankelaust, er dei likevel meingsfylte. Det ligg ein dåm og ein herlegdom over desse ord.
Og so vil vi minnast den store julehelsinga frå himmelheimen. Det var slik glede og frygd då himmelherane song den store lovsongen at dei kunne høyre det radt ned på jorda. Det er den lovsongen vi kallar gloria:
Ære vere Gud i det høgste
og fred på jorda
og hugnad med menneskje
0 Comments