Dei gjer mykje rart når dei festar

CARL HENRIK GRØNDAHL: Det stod eit bryllaup på ein storgard i Fron. Odelsjenta gifta seg. Men dei har underlege bryllaupsskikkar i Fron. Brura vil ikkje vere med på stasen. Ho låser seg inne på stabburet. Det får nå så vere. Det underlege er at ingen bryr seg. Festen held fram som om alt skulle vere normalt. Det er slikt dei gjer i Fron. Berre brudgommen tar seg nær av det. Han klagar ikkje til brura sin far, som hadde vore rimeleg. Kor blir det av dotter di? Han ber foreldra sine om hjelp. Og kva gjer dei? Hjelper han? Neida, dei skjellar han ut på det styggaste! Ingen hjelp å få. Av nokon. Så kjem det ein frikar til gards. Brudgommen ber han om hjelp. Frikaren får brura ut av stabburet og flyktar med ho frå bryllaupet til fjells.
Da vaknar han omsider, far til brura, bonden på storgarden. Han har brydd seg filla om at dottera låste seg inne midt i festen. Nå vaknar han og kaukar at han vil ta livet av denne frikaren, som fekk brura ut og tok ho med seg.
Kva gjer dei så, desse frøningane? Dei som drakk og festa og gav blaffen i at brura hadde låst seg inne? Jo, dei tar med seg skarpladde våpen og går på jakt etter denne frikaren, vil skyte han – som om han vore eit skadedyr!
Det er Henrik Ibsen som fortel om dette bryllaupet. I Peer Gynt. Han er ikkje snau i skildringa si av frøningane på fest. Dei kan ikkje vere rett navla, slik dei ter seg.
![]()

0 Comments