Historia om Erling Rolstad og Jacob Weidemann
HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe. Erling hadde det travelt og syntest dessutan at kjøparen såg så pjuskete ut at han neppe hadde råd til å kjøpe seg hytte. I staden for å bli med mannen til fjells ringte han til Trygve Wadahl og spurte om han kunne vere snill og vise fram hytta. Det gjorde Trygve. Mannen kjøpte hytta der og da og betalte kontant. Det viste seg seinare at den pjuskete mannen var kunstmålaren Jacob Weidemann.
0 Comments