«Å vera dotter til presten» mest lest i juli
«Å vera dotter til presten kunne vera litt spesielt. Når det var snakk om å få lov til noko, var det ikkje reint sjeldan at venninnene mine fekk spørsmålet: Får Snøfrid lov? Dersom svaret var ja, så fekk dei også lov. Det må i ettertid vedgåast at svara mine ikkje støtt var heilt 100% i samsvar med det foreldra mine hadde sagt.» Det fortel Liv Snøfrid Skaare i si forteljing, som 544 las i juli. Ho døydde 18. juli 2020, og denne artikkelen frå Fronsbygdin låg på minnesida. Referatet frå markvandringa i Ruste nådde 303. I alt var det 8 341 klikk på denne heimesida i juli, 400 færre enn i juni.
0 Comments