Fela var alltid nystemd

by | 16. mar 2020 | Biografiar, Musikk | 2 comments

Nokre ord og tonar om og av og med Hjalmar Fjellhammer

hjalmar-dreg-opp-med-tobakkspakka

Hjalmar Fjellhammer, ein morosam og snill kar og utømeleg som slåttekjelde. Foto: Rasmus Stauri

Det er over ti år sidan spelmannen Hjalmar Fjellhammer gjekk bort. Og det har dukka opp eit radiointervju Rasmus Stauri gjorde med han i 1971, vel verd å høyre. Hjalmar var yngre bror av den meir kjende spelmannen Redvald Fjellhammer. I eit minneord skreiv Stauri at

det var noko særskilt med desse Fjelhammer-karane som heldt hus ved bergepallane øvst i Øverbygda, der dei budde i nær kontakt med seg sjølve, naboane og naturen, og med ei ørns utsikt over den breie Sør-Fron bygda. Fela var den beste venen, og fram til det siste tok Hjalmar i fela kvar dag. Kom ein på besøk, var fela alltid nystemt og vart fort spelt på.

Han var ein blid og fornøgd kar som levde i heller smålåtne kår. Han

treivst med livet, og han var nok den største tradisjonskjelda for slåttemusikk i sin generasjon i Sør-Fron. Men yngre spelemenn har lært mykje av han, særleg Erik Bjørke. Hjalmar syntest utømeleg som slåttekjelde. Dette er slåttar han ikkje minst lærde av faren Jonas Johansen (1883-1955). Akkurat som for bror sin var fjellivet, fjellfiske og huldremøte noko han meir enn gjerne prata om i eit klangrikt og ”ekte” mål, fritt for klisjear og talemåtar, men personleg og godt. Han kunne fortelja og fortalde meir enn gjerne, skrønte innimellom og skratta godt etterpå. Humøret hans var ljost. Han hadde stor humoristisk evne og ein levande fantasi. Han var ein morosam og snill kar.

Her er dragspelsparet Vivian Hensvik og Thommy Hammar på
Bälgadragets dragspelsstämma Bälgaträffen i Norrköping i 2009.

Sør-Fron spelemannslag og andre har i mange år spelt av repertoaret hans i lyd og lag, i radio og på kappleik, og begrepet ”Hjalle-leik” er eit kvalitetsstempel og eit varemerke på god musikk, sjeldne slåttar med særpreg. Og med god dansetakt, ikkje minst. Her er Tom Willy Rustad og Kvarts med ein halling etter han:

I 2013 ønskte Gudbrandsdal Energi gud jul med en polka etter Hjalmar Fjellhammer:

Noter til slåtter etter Hjalmar Fjellhammer finn du på Feleverkene, Universitetet i Oslo.

tom20willy20rustad20breidde20320180515

I det raude huset til høgre budde Hjalmar Fjellhammer. Tom Willy Rustad står foran huset til bror hans, Redvald. Foto: Bjørn Sletten

Publisert her første gong 28.9. 2016

2 Comments

  1. Torkild Ovrum

    På den første videosnutten er det Avbrekk som spelar reinlender etter Arne Kjesbu. Har ingenting med Hjalle eller Bjørn Turtum å gjera bortsett frå at det et god dansemusikk.

  2. CHG

    Takk. Da var det feil på youtube – og nå er det komen ein Hjalle-reinlender i staden.

Submit a Comment