«For hjemmets fred og landets lykke»

by | 13. okt 2025 | Vekas bilde | 0 comments

«For hjemmets fred og landets lykke» var slagordet til «Hunndalens totalafholdsforening». Avhaldsrørsla stod sterkt i landet rundt førre hundreårskifte, og var svært delaktig i totalforbodet mot brennevin i åra 1916 – 1927. Heile 61,6 % stemde for eit totalforbod under den landsomfattande folkerøystinga i 1919. Alkoholforbodet skapa store problem for handelen med utlandet, og mange vart teke for heimebrenning og smugling. Forbodet vart oppheva av ei ny folkerøysting i 1926. Her eit bilde frå «Avholdskretsmødet i Nordre-Fron» i 1897. Vi ser faner frå: «Mjølner Søthorps totalafholdsforening, Søndre Frons afholdsforening, Hunndalens totalafholdsforening, Gjøvik totalafholdsforening og Vestre Gausdals afholdsforening». Foto: H.H. Lie. Bilde henta frå: Nasjonalbiblioteket. Gjort om til fargebilde i PaletteSAS.

0 Comments

Submit a Comment