For mykje Møllers tran?

Få med deg gode historier torsdag 30.10

Hadde dei tre ordførarane Arne Fossmo, Rune Støstad og Ole Tvete Muriteigen teke litt for mykje Møllers tran? Da dei lanserte Gudbrandsdal kommune som som namnet på ein ny storkommune i midtdalen i 2016? Namn som Frya kommune og Laugen kommune var også framme. Og før saka gjekk til folkerøysting, var namnet endra til Midt-Gudbrandsdal kommune. I Sør-Fron sa 73,5% ja til samanslåing, i Nord-Fron 37,6% og i Ringebu berre 25,7%. Innan ti år kjem spørsmål om samanslåing opp på nytt, trur Asbjørn Ringen, som har skrive ein triveleg artikkel i Fronsbygdin 2025 om temaet. Kom på lanseringa torsdag 30. oktober kl 18 på biblioteket Vinstra, så kan du høyre han fortelje meir om kampar og tankar – frå ei historie som starta i 1837.

Loading

0 Comments

Submit a Comment