Fridtjof Nansen på Gålå

Det er vel kjend at Fridtjof Nansen var på Fefor som skilærar for kong Haakon og sonen i åra 1907 til 1914. Truleg var det for at majesteten skulle få seg høveleg lunsj at dei bygde hytta på veg mot Ruten, den som nå heiter Haakon VIIs hytte. (Du kan vere med på sårt tiltrengd vedlikehald i helga, sjå her.) Men færre veit kanskje at Nansen må ha tykt godt om området, for han var på privat ferie på Gålå i 1921, 1923 og 1925. Og fekk tatt foto som syner skiteknikken hans! Slik han kom seg over Grønland og mot Nordpolen. Foto frå Nasjonalbiblioteket.

Loading

0 Comments

Submit a Comment