RAGNAR ØVRELID: Utover i april 1940 kom det stadig militærkolonner gjennom Fron, både sørover og nordover, og vegstøvet la seg grått på snøkantane. Dei kom med soldatar, med ammunisjon og anna krigsmateriell. Bilar og tog var fulle av ungdom på leit etter avdelingane sine. Etter dei første kaotiske dagane etter 9. april hadde nå general Ruge tatt over som sjef for dei norske styrkane. Det tok til å bli plan og system i den norske militærleiinga. Tanken var å stanse tyskarane i Gudbrandsdalen og Østerdalen, og hindre dei i å nå fram over land til Trondheim. Slik kom Fron i skotlinja.
Vegen mellom Tretten og Dovre vart rekna som det beste forsvarsområdet, her var det mange tronge passasjar, der det kunne vere råd å stogge dei tyske troppane. Kvam merkte seg ut som ein forsvarssstad på grunn av den smale Kvamsporten, dei opne flatene i dalbotnen og dei gode forsvarshøgdene omkring.
Møre bataljon, som hadde fersk trening frå nøytralitetsvakt, var utsett til denne forsvarsoppgåva. I tillegg venta dei nå britiske styrkar til Gudbrandsdalen.
15. og 16. april kom billass etter billass med ammunisjon frå Raufoss, matvarer og anna nordover. Mykja av lasta vart lagra i Gryttingshaugen og på Kollo. Bygdefolket hjeltpe til med å få lasta av bilane, få ammunisjonen inn i skogen og få dekt den til med bar. Transporten gjekk dag og natt, mens tyske fly strauk lågt over bilkolonnane. Somme fekk utlevert våpen og gjekk vakt ved lagra, seks skift i døgnet, fire mann i kvart skift. Alle slags våpen i bygda vart innsamla til militært bruk.
Ved bruene i bygda vart frivillige innkalla til vakthald, særleg medlemmer i skyttarlaga. Styrkane stod der døgnet rundt, to timar vakt, fire timar fri, unggutar og eldre. Dei skulle kontrollere alle som passerte, ikkje minst blendinga på billyktene om natta. Dei hadde målingspann med og smurde over ublenda lykter. Dei skulle bruke tåkelur og gi flyalarm. Dei som passa på Sundbrua, hadde opphaldsrom på Bøndenes hus. Ein dag frivakta sat der, kom eit tysk fly og slepte ei bombe like ved brua. Eksplosjonen var kraftig, frivakta såg berre ei røyksky da dei kom ut. Men dei to vaktkarane ved brua hadde kome seg i dekning og greidd seg bra.
Den 18. april innlosjerte den militære forsyningsstaben seg på Veikle, for å samordne forsvarstiltaka i området. Det vart stor aktivitet dei neste dagane. Bergknausar langs riksvegen vart minerte og gjorde klare til sprenging, det vart lagt miner i sjølve vegen, bruene vart fylte med dynamitt, langs vegane bygde dei mitraljøsehus. Også mykje av dette arbeidet var det bygdefok som gjorde. På bedehuset i Kvam stelte sanitetskvinnene til lasarett. Dei gav senger og sengeklede, somme av dei skulle vere med og ta seg av dei såra.
Nå tok det til å haste. 22. april tok tyskarane Lillehammer, så det var berre spørsmål om dagar før dei ville vere i Fron.
Frå boka Historia om Fron etter 1940.
0 Comments