
Vinstervatnet. Fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre. Måleri: Sigmund Hernæs
IVAR KLEIVEN: Like frå medelalderen har Fron hatt strid om bygdagrensa mot østre Slidre i Valdres, og det har nok ein og annan gong gått allt anna enn lausleg til. Det har drive opp til heile slag, som det har gått ord om i mannsaldre og ennå lever att minne om. Det er grensa mellom østre Slidre og Fron bortved Vinstervatna som det all sin dag har vore usemje om. Striden er nok like gamal som Svartedauden, for fiske i vatn som låg i eit slikt tvidragsbyte, vart på både sider helde for mest jamngodt med å bryte seg inn i stabburet til kvarandre.
I 1815 råkast det ein flokk med frøninger og valdriser ved Ragga, ein liten elvestubb som renn utur Innbuvatnet og ned i Kaldfjorden. Frøningane skulle vera ni i talet og låg på isfiske. Valdrisane var berre 6, men utvalde karar, som var ute etter å dengje frøningane, som dei hadde fått høyrt gjete dreiv med fiske i Ragga. Av fullgode karar på Fron-sida var det nok ingen, det var vanlege bygdekarar, og ikkje nokon av dei var helde for riktig maktauge. Det var ein klokkemakar, Ola Brennum, som var med og som skulle vera ein brennandest kvass liten kar, men ingen kjempe, og same slaget var det med ein frå Smedlia. Namna på dei andre er bortglømde, men mannskapet var såleis ikkje utvald.
Valdrisane hadde med ein av bygdamennene sine, som var helde for ein riktig Samson, Stor-Sæli´n, og han var det nok meininga skulle jule dei han fekk tak i. Ein som heitte Torgjer Alvstad, skulle óg vera ein sterk og før kar. Valdrisane fortel sjølv om denne kula, at dei spikka seg lange bjørketamper, vridde dei og slog på ein knut i enden – nå skulle frøningane få smaka bjørkefeittet så det gjorde mon.
Ja, etter noko kjeftbruk barst det i hop: klokkemakaren gauv på Stor-Sæli´n som ein elding, og smorde den store Samson så det song i øyra og gjekk både gule og grøne ringer for augo hans. Korleis klokkemakaren greidde seg, er ikkje spurt, men både Stor Sælí´n og Brennomen skulle få ein knett både to. Smeli’n gav seg i kast med Torgjer Alvstad, Torgjer med bjørketampa og Smelin´n med isbila si, både fekta likast dei kunne, og best som det var, fekk Torgjer ein så velmeint støyt midt på vomma at det sprakk ein stor metalknapp i broka hans – hadde ikkje den knappen sote der, hadde Alvsta’n vorte gorrstanga.
Slaget båra att og fram på isen, og kvar gjorde det han orka, det er ikkje å tvile på at det var ei heit kule medan ho stod på, men etter det valdrisane var himagjort for å dengje frøningane, kan det vera at dei fekk liksom overtaket. Frøningane venta seg ingen fare og var derfor ikkje budde på å møte ein hop med uturhemta valdrisar med bjørkesvolkar.
Det var elles ei lykke for både partane at Fron ikkje var førebudd på slaget. Hadde slike karar som Korstadhågån, Londin og to eller tri av dei beste karane frå Kvikne og Skåbu vore med, kunne det nok kome til å henda meir enn ei ulykke.
Korleis det gjekk til på i alle måtar ved Ragga i 1815, er for det meste bortglømt, og mangt er fortalt på fleire måtar. Valdrisane fortel at dei smorde frøningane så dugeleg opp med bjørketampane sine at dei sende ein frøninggut ned i bygda etter hjelp til å få dei heim att. Dette er ei skrytarskrøne dei har sett ihop, noko skade og sår fekk dei på både sider, men noko større ulykke hende ikkje
Men det var nok ikkje slutt med dette Raggeslaget. Seinare emna det seg til ei god kule att ved Sandvatnet, og da var òg Smeli´n med. Valdrisane var så mange den gongen at han laut røme unda. Han sprang inn i fiskebua si, tok med seg ein gutunge som var inne i bua, greip 3 reinsrifler under armen og rodde ut på vatnet. Valdrisane bad han berre kome tillands, så skulle han få herleg juling, men Smeli´n spådde om at gjekk dei på han da, skulle dei få kjenne smaken av storkna bly.
Etter storslaget i 1815 vart det utbode mannskap både i Fron og i Slidre. Meninga var nok å helde eit storlag og sjå til om det ikkje ein gong for alle endeleg kunne bli en slutt på denne gamle usemja som aldri gav fred. Til alt hell gjekk det imist for både partane – da frøningane kom bortåt Vinstervatna med mannskapet sitt, var det mest inga valdrisar å sjå, korkje i fyru eller fjell, Og da valdrisane kom med sine mannskap, var det ikkje fleire enn tre frøningar å finne, og så få kunne slik stor mannemakt for skams skuld ikkje gå på. Og så bar det iveg med trettar att, like til høgsterett. Dei to siste mannsaldrane har det stilna meir bort med tvidraget om Vinstervatna, men ennå er ikkje grenslina fastslege, så Fron og Slidre er heilt samde om ho for framtida.
Frå Fronsbygdin 1930, publisert her første gong 13.6.2014
0 Comments