Fronsbøndene slo hardt til

by | 11. sep 2014 | Biografiar | 0 comments

Jensbakken\Gjota fotografert frå området Galgehaugen sør-aust for elva Augla. Den mest kjende avrettinga her er frå 1695, da Marte Bø, sonen Torger Torgersson Bø og Anders Lunde vart avretta etter Huskelimordet. Dei var frå Ruste i Nord-Fron.

RAGNAR ØVRELID: I 736 stod Jens Hansen Bråten for retten på Kjorstad tingstue. Han hadde stole ein hest. Med denne hadde han ridd omkring i grannebygdene og fått med seg ei gryte, noko mjøl og ein del pengar. Sidan hadde han ein gong rømt frå fengselet. Lagrettemennene, skikkelege bønder frå Sylte, Grosberg, Opsal, Lo og Tårud dømde Jens

til galgen at miste sit liv, til velfortjent straf, og andre til afsky og eksempel.

Ei lov frå 1690 gav faktisk adgang til å bruke dødsstraff ved gjentatte tjuveri. Og fronsbøndene fann vel ut at dei ville slå hardt til for å statuere eit eksempel i dei oppløyste tidene i bygda, som nå fløymde over av tiggarar og andre lause og halvkriminelle eksistensar.

Akkurat denne historia treng likevel ikkje ha enda så ille som det kan høyrast ut. Arkivfolk som kjenner slike saker, seier at det var svært sjeldan at dødsdommane frå 1600- og 1700-talet vart sette i verk. Ikkje minst galdt det dei ulykkelege kvinnene som vart dømde for barnedrap eller «fødsel i dølgsmål».

Ved sida av fulle kranglefantar og slagsbrør er det mest fattigfolk som får straff på bygdetinga. I 1736 sat ein husmann under Rudland i arresten på Kjorstad for tjuveri. Han var 24 år, gift og hadde to barn. Han hadde begynt å stele året før, da han tok ein krakk og ei skjorte på Bryn. Sidan hadde han fem tilfelle av innbrot på samvitet. Han tok klede, korn, mjøl og husreiskaper. Lagretten i Fron dømde han for dette til å

kagstryges (piskast), brændes med tyvs merke, derefter i jern på Bremerholm (i København) eller andet sted på livstid.

Han skulle betale tilbake gjeld og «have sit hovedlod (formue) til kongen forbrudt.»

Ei kjend straffesak på Fron er drapet på gamle Marit Huskelia i 1693. Gardkona på Bø, sonen og tenaren vart dømde for drapet og avretta med sverd. Hovudet deira vart sette på stake, slik lova sa. Dette skjedde på Galgehaugen ved Augla, der rettarstaden i Fron var.

I 1850 skulle ein 28 år gammal sør-frøning følgje Hans Dahl frå Trondheim frå Espedalsverket til Fron. Den tiltalte hadde høyrt at Dahl skulle ha mykje pengar på seg og

fik det ulykkelige innfall å berøve Dahl livet.

Han drap Dahl med ei øks. Utbyttet vart 25 spd, ein frakk, eit par sko, to luer og ei skjorte. Frakken fekk han sydd om til ei livkjole. Liket grov han ned i ei myr, og der vart det funne året etter av ein hesteleitar frå Ruste.

Frå Historia om Fron, bind 1

0 Comments

Submit a Comment