Fronsbygdin 2014: Skulestrid

by | 8. sep 2014 | Informasjon | 0 comments

vvsDet har vore strid og drakampar om Vinstra videregåande skule med stort engasjement frå mange, både innanfor og utanfor det politiske miljøet. Gudbrandsdal landsgymnas kom i gang på Vinstra i 1946. Historia til skulen er mangfaldig, ei rik skulehistorie sit i veggane på Furuheim, og du har verkeleg noko å sjå fram til i haust. Fronsbygdin 2014 blir lansert nettopp på Vinstra vgs (VVS) 30. oktober. Redaksjonen har bede Olav Bratland skrive frå levra om korleis han som lærar, inspektør og sist som nestleiar har opplevd si skuletid og dei mange endringsprosessar rundt skulen på Vinstra, den største arbeids- og kunnskapsareanen i midtdalen. I åra 1972 -2013 hadde Olav Bratland sin arbeidsplass ved VVS. Ingen har hatt ein lengre arbeidsdag ved skulen enn han, heile 41 år. Det tyder på eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin.

Kva vil det seie å skrive historie? Å sjå og vurdere fortida med objektive avstandsbriller er det vanlege i vår tradisjon. Ein dokumenterer, analyserer og vurderer. Det går også an å skrive om samtida og fortida sjølv om ein står midt oppi det utan at det treng å bli eit debattinnlegg. Dei store og lange linene treng ikkje bli borte, sjølv om nærsynet blir større.

0 Comments

Submit a Comment