Innhald i Fronsbygdin 2018

Spanskesjuka i Fron 1918-1919 av Sigurd Grytting

For hundre år sidan vart Fron, som resten av verda, ramma av spanskesjuka. Årsaka var ein virusinfeksjon med influensavirus type A. Meir enn 50 millionar menneske døydde under denne pandemien.

Seterliv på Gålå for 100 år siden av Adolf Tagestad

For 100 år siden var det full drift på setrene på Gålå. Men også turistene hadde meldt sin interesse – stort sett til glede for lokalbefolkningen. Først i 1935 kom melkebilen.

Rønn, Barlund og Njoe av Odd Jan Skriubakken

Mange av husmannsplassane på Baksida i Sør-Fron låg under gardar på Solsida. Men det var også gardar på Baksida som hadde eigne husmenn slik som Rønn og Barlund.

Skihopping i Sødorp 1896 – 1946 av Paul Henrik Hage

I Sødorp har det vore arrangert konkurransar i skihopp på Toksejordet, i Brandvoldbakken og i Bragebakken. Det fyrste rennet var alt i 1896. Petter Kongsli hadde da lengste hopp med 15 meter.

Barndomsminne frå Elvenes i Skåbu av Olaug Askheim Aas

Fram til 1938 var det ikkje bilveg til Allmenningssaga i Skåbu. Her budde familien Askheim frå 1922 til 1948. Straum fekk dei fyrst i 1947. Da Olstappen skulle demmast opp, måtte saga og hus flyttast.

Ludvig Holberg i Fron av Rasmus Stauri

Frå 1696 til 1698 budde Ludvig Holberg på Prestegarden i Fron. I dag er det ingen konkrete minne etter han i bygda, men opphaldet i Fron sette spor i forfattarskapen hans.

Husmannskontrakt frå 1897 av Åge Jevne Hagestuen

For å bygsle eit husmannsbruk måtte husmannen arbeide seks veker på garden, skjere åtte  mål åker, og gje føråd til den tidlegare husmannen. Tok han arbeid utanom bruket, hadde garden fyrsterett på arbeidet hans.

Dragdokka gav eigaren rikdom av Anders Haugen

På garden til Anders Haugen i Rusen står det eit skåp der ei dragdokke heldt til i den midterste skuffa. Ho måtte få ein ny silkekjole til jul kvart år, og eigaren måtte kvitte seg med henne før han døydde.

Framleis finn vi minne etter hesten av Gard Espeland

Den som har augo med seg, kan ennå finne små minne etter hesten – frå den gongen hestane utførte det meste av transporten etter vegane, og ein hest med kjerre eller slede var eit heilt vanleg syn.

Da alle leigde fryseboks på butikken av Tine Elisabeth Slang

Frå sist i 1950-åra og 30 år framover var det på det meste seks fryseboksanlegg ved butikkane i Sør-Fron. Så kom heimefrysarane, og i dag er desse fryseria avvikla.

Kosmopolitten Johan Sørensen av Knut Aukrust

Grosserer Johan Sørensen bygde både sanatoriet på Tofte og sanatoriet på Lauvåsen. Han kjøpte også flere garder. Før han kom til Sør-Fron hadde han drevet omfattende forretningsvirksomhet i Spania.

Korndyrking, trysking og mølletur av Kristen Brendhaugen

Det var stor ståhei i nordre del av Skurdalsgrenda når det var tid for trysking. Det skulle til eit rimeleg stort arbeidslag. Når det vart sledeføre, vart kornet kjørt til mølla i Loholet – der det også var kafé.

Vinje møter fronspresten Winsnes av Kjartan Ruset

I 1860 gjekk Aasmund Olavsson Vinje gjennom Fron. Her møtte han mellom andre fronspresten Winsnes og den pietistiske svigersonen hans. Dette fortel han om i boka Ferdaminni frå sumaren 1860.

Fron-Atndal bygdealmenning av Jon Bergdal

Til alle tider har frøningane jakta, fiska og hamna i Atndalen. I 1795 kjøpte tre sør-frøningar allmenningen som da gjekk over frå å vera statsallmenning til bygdeallmenning. Det har ofte vore strid om bruksrettane.

Søre- og Nørdre Skaret i Sødorp av Ole Christian Risdal

I Sødorp låg det tidlegare to heimar, Nørdre og Søre Skaret. I dag er dei båe innlemma i Nedre Gråsletta, tidlegare kalla Turtorp – eit namn ingen lenger hugsar kva kom av.

Givervolden i Sorperoa – småbruket som forsvant av Tor Larsen

Nå er garden Givervolden i Sorperoa jamna med orda og borte for alltid. Og Sorperoa er ikke lenger en liten repp attmed Li og Lo, men nærmest som en liten bygdeby å regne.

Da stalldøra ble revet av hengslene av Eivind Holen

Mange kan oppleve noe de ikke finne forklaring på. Slike hendelser blir ofte husket og fortalt i lang tid. Her er noen historier fra Søre Eldåa, Standarstulen og fra Øverbygda på Sør-Fron.

30-års vennskap Nord-Fron – Richmond av Arne Skuterud

I 1940 deltok soldatar frå North Yorkshire i kampane i Gudbrandsdalen. Eitt av regimenta dei kom frå hadde seinare base ved byen Richmond. Dette er bakgrunnen for at Nord-Fron har Richmond som vennskapsby.

Der jula begynte ein time for tidleg av Oddgeir Bruaset

Var det for at kyrkjetenaren skulle få kome seg heim i rimeleg tid julekvelden at jula vart ringt inn ein time tidlegare i Kvikne enn andre stader i landet? Ordninga vara heilt til 1992.

Pensjonatet hennar Borghild av Fride Gunn Rudi

Rundt 1960 bygde Borghild Bjørke eit pensjonat i Øverbygda på Sør-Fron som ho kalla Åshaug. Det hadde fire soverom og plass til seks gjester. Ho dreiv pensjonatet fram til 1982.

Fron kvinneforum – mangfald i 30 år av Turid Kleiva

På Vinstra har det vore tradisjon å markere kvinnedagen frå tidleg i 1970-åra, men fyrst i 1988 vart Fron kvinneforum grunnlagt. Det er ein heilt frittståande organisasjon.

Reindrifter gjennom Sør-Fron av Gard Espeland

Etternamn og slektsnamn av Odd Jan Skriubakken

Fyrst i 1923 fekk Noreg ei namnelov som kravde at alle skulle ha faste og arvelege etternamn, altså slektsnamn, og at desse skulle ha ein fast skrivemåte.

Slik laga Margit ost på setra av Anton Løkken

Sigvart Gimse og Facebook av Rasmus Stauri

Nord-Fron kulturpris 2017

Årsmelding for Fron historielag 2017

Medarbeidarar Fronsbygdin 2018

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading