Tankar ved 15- årsmerket

Gard Espeland, Rasmus Stauri og Per Ottesen presenterte Fronsbygdin i 2014. Foto: Foto: Kristin Veskje GD
RASMUS STAURI: Grunna den svært tunge og triste hendinga i Nord-Fron dagen før lanseringskvelden 1. november vart ikkje desse oppsummerande orda sagt fram på Nord-Fron bibliotek. Der og da kjendest det rett. Det er ei tid for alt. Dei frammøtte markerte den sorga med stille i eit minutt etter oppfordring frå leiar i historielaget, Ellen Steberg. Derfor blir desse få orda lagt ut på heimesida til historielaget i ettertid. Det kjendest likevel godt å møte kvarandre rundt lokalhistoria og ta imot ei ny utgåve av Fronsbygdin.

Lansering 2012 over og 2013 under

Skodespelaren Per Tofte var med og lanserte Fronsbygdin 2015 på Rudi Gard. Foto: Tor Larsen
Åra flyg, seier vi. 15 år er ikkje mange åra i historielagssamanheng. Ringebu historielag har hatt si årbok sidan 1977. Årbok for Gudbrandsdalen starta i 1930. Men etter 15- års utgiving av årboka til Fron historielag er situasjonen denne: boka har vorte bestseljar i Fron frå utgivingsdatoen til jul i utgivingsåret. Boka har fylt eit behov. For mange av oss blir lokalhistoria meir interessant med åra går. Vi ser forandringar og hugsar korleis det var. Slik skal det vera i eit pulserande samfunn, lite eller stort. Men vi skal også lære nytt og erkjenne nytt og på nytt. Historielagsarbeid er heller ikkje å dyrke nostalgien, for arbeidet bør også vera eit orienteringspunkt mot framtida. Derfor bør historielaget auke salet av eldre utgåver av Fronsbygdin. Tidlegare utgåver ligg i arkivet på biblioteket og er å få i bokhandelen eller direkte frå laget. Fronsbygdin har vorte eit overskotttiltak som har gitt historielaget trygg økonomi, og det er heller ikkje uvesentleg…
Stutt historikk

Ivar Myrstad, redaktør frå 2003 til 2008
Opptakta kom i form av eit brev frå redaksjonssekretæren, Gard Espeland, til underteikna, som tok tanken om å få realisert ei årleg bok vidare til styret og leiaren i Fron historielag den gongen, Anders Haugen. Historielaget hadde lenge ønskt å kunne gi ut ei årbok. Året var 2002. Skrivaren av desse linene spurte så den gode kollegaen på VVS, Ivar Myrstad, om han kunne tenkje seg å vera medredaktør. Den kunne den gode Ivar sjølvsagt, og han var det i fem år frå starten i 2003 til 2008. Ivar gjekk ut av redaksjonen i 2008, og den alltid velvillige Per Ottesen svara med ein gong «ja» til å gå inn på Ivars plass. «Men oss må ha kaffi fyrst», sa Per i solskinnet utafor huset hans den junidagen. Per gjekk inn i redaksjonen i 2008, men det gjekk to før sjukdom gjorde at vi laut kaste korta båe to. Boka kom ikkje ut i 2010, men frå 2011 har ho kome kvart år. Redaksjonen i dag takkar og tenkjer med varme på Ivar og Per og for det arbeidet dei gjorde. Etter Pers bortgang i 2016 kom det nye og friske krefter inn i redaksjonen frå 2017. Hildegunn Maria Haanes Ruset representerer framtida og kontinuiteten. Historielagsarbeid er ikkje berre for dei som har fått trygda.
Status
Når det gjeld opplaget, har dette svinga mellom 1200 og 1500.Totalt er det produsert og skrive 2450 sider, illustrasjonar medrekna, sidan den fyrste boka i 2003. 132 personar i og utanfor bygda har ført pennen. 32% av desse er kvinner. Det er sjølvsagt for lite, men talet på kvinnelege bidragsytarar går oppover. Langt dei fleste artiklane har kome etter oppfordring. Å drive lokalhistorisk bokarbeid er ikkje å gå ut i postkassa ein morgon og finne manus eller å vente spennande e-postar i innboksen på datamaskinen. Talet på ubestilte artiklar har auka dei to siste åra, og det er positivt.
Når det gjeld tema, skriv kvinner i større grad om den tause kunnskapen. Det er tradisjonskunnskapen, om gjeremål i dagleglivet, om ulike skikkar og levevis og om det som er mindre påakta – generelt om å sjå det store i det små. Denne kunnskapen er verre å få tak i, derfor er kvinnelege skribentar så viktig. Vi ønskjer også fleire yngre skribentar – dei som vil skrive om forhold dei siste tiåra fram til i dag. Tidene endrar seg fort, og minnet får stuttare tidshorisont for kvart år. Dei siste åra har som kjent ført med seg enorme forandringar, både fysisk og mentalitetsmessig i bygdene våre, sjølvsagt etter mønster og påverka av storsamfunnet. Omgangsformene har endra seg. Går vi lenger på uventa kaffibesøk til kvarandre? Og kva med bygdafesten, der generasjonane møttest? Nedregata på Vinstra har snart ikkje butikkar, og mange sør-frøningar reiser ut av bygda for å handle. Og alle handlar vi på nettet. Nærbutikkane i hopetal er nedlagt på få tiår. Det er ikkje vanskeleg å peike på dei mange endringane i bygdene våre.

Boka kjem rett før farsdagen, og i 2017 var Bjørg Anitra Strand hos bokhandlar Petter Asphoug på Libris Vinstra og sikra seg Fronsbygdin gubben til farsdagen. Det gjer ho kvart år, så han veit kva han får. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Stoffordelinga mellom bygdene har i det store og heile vore nokonlunde lik, men det vil støtt vera noko å peike på i så måte. Vi skulle ideelt sett ha hatt fleire artiklar frå Kvam, Kvikne, Skåbu. Elles toler vi godt ei overvekt frå eit bygdelag eit par årgangar, men så er det tid for å tenkje seg om. Redaksjonen har ansvar for å passe på balansen, men det har også lesarane og medlemmene. Alle medlemmer i Fron historielag og andre har ansvar for å bidra med stoff. Redaksjonen er iallfall godt klar over kva som ligg i boktittelen Fronsbygdin. Boka har hatt ei overvekt på «harde» tema, det ein kan sjå og vega. Stor breidde i stoffutvalet har vore eit siktemål, og vi vil halde fast med den redigeringslina. Boka har kome ut rett før farsdagen i november kvart år. Det er eit lugomt tidspunkt. Nokre negative tilbakemeldingar har sjølvsagt kome, men det er av konstruktiv kritikk og vurdering vi alle kan lære.
Formålet med Fronbygdin
Det er i hovudsak tre hovudformål:
- a) styrke lokal identitet og kunnskap – skjerpe sansen for eige beste, utan å bli snever og trongsynt. Fronsbygdene er ein del av Gudbrandsdalen, som er ein del av Oppland, som er ein del av kongeriket og ein del av Europa og verda.
- b) gi kunnskap til komande slekter, da synspunkt og framgang skal byggje på kunnskap. Utan kunnskap og ei fagleg haldning i botn er det verre å byggje ei framtid. Kunnskap og fag er også eit grunnlag for fantasi og tankar om noko nytt.
- c) håp om å nå hyttefolk og andre som kjem hit og blir glade i området. «Alt blir forvitneleg berre du veit noko om det», skriv Ivar Aasen.
Oppsummert om arbeidet for 2018
208 sider vart boka på i år. Takk til styret som gav meir spalteplass dette jubileumsåret. Takk til alle skribentane og for godt samarbeid!
I alle dei andre åra har vi nøgd oss med 160 sider, og vi går attende same sidetal neste år. Fleire artiklar kan bli utsett av så mange grunnar. Det kan skuldast tidspress og kapasitetsmangel hos skribenten. Innimellom skjer det noko uventa, og det er ofte det uventa som får følgjer for skrivinga. Å skrive er eit åleinearbeid. Det skal gjerast intervju, og ein skal hente inn stoff i eit arkiv, vurdere kjelder og ikkje minst formulere seg både ein og to gonger, om ikkje tre. Alt dette gjer at tidsrammene ikkje kan halde støtt. Mange gonger balanserer ein på ein knivsegg. Ikkje minst er det viktig å la redaksjonssekretæren få nok arbeidstid. Derfor er tidsfristen sett så tidleg som 15.januar. Dette er arbeid gjort på fritida også for han, og han skal forhalde seg til fleire. Fronsbygdin kjempar om produksjonsplass med mange andre utgivingar. Inger Woxholt, som arbeider med illustrasjonane, skal ha si tid, og ikkje minst må redaksjonen i tillegg finne og tenkje illustrasjonar viss slike manglar, eller er for dårlege. Og det skal lesast korrektur i to omgangar.
Å nå ut
Eit godt og velutbygd salsapparatet er viktig. Det er noko som ikkje redaksjonen skal uroe seg for, men styret i historielaget. Ein må treffe folk og få god drahjelp. GD har i stor grad slutta med å melde lokalhistoriske bøker kan det sjå ut til. Godt Dølen framleis gjer det. Kan ein makte å spegle folks liv i fortid og nåtid, i kunst og handverk, i musikk, teikne eit portrett av bygdefolk eller av profilar i politikk og organisasjonsliv, spegle det uventa og tilfeldige – og kunne sjå «det store i det små» – da kan boka ha livsrett i fleire år framover. Bygdesamfunna våre er på same tid berre ein del av noko større, og historieløysa er ei dårleg plattform for å byggje ei framtid.
For redaksjonen i Fronsbygdin
Rasmus Stauri
0 Comments