Frå Steingeilen til Champs Élysées av Per Tofte
I 1963 debuterte sør-frøningen Per Tofte som skuespellar ved Trøndelag teater. Sidan har han spelt ved fleire teater både her heime og i utlandet – i tillegg til ei rekkje filmar og tv-seriar.
Farvel, gamle E6! av Geir Paulsrud
Det skulle gå vel 150 år før chausséen av 1869 vart avløyst av ein ny veg gjennom Gudbrandsdalen. Chausséen var sjølve symbolet på utvikling og varsla ei ny tid for Fronsbygdene, så vel som i resten av dalen
Landhandelen som ble kjent kro av Lars Tressum
Fryatun må vike for den nye E6. Det begynte med en liten landhandel med en liten kafé og utviklet seg til en moderne kafeteria med mange faste kunder, spesielt langtrangtransportsjåførene.
Auto´n på Sør-Fron av Gard Espeland
I 65 år har Sør-Fron Auto vore ein møteplass for sjåførar og bileigarar i bygda. Det har også vore ein plass der turistar og gjennomreisande har stansa. Starten var beskjeden og vanskeleg
Campingvertinne i over 50 år Bjørg Askmann i samtale med Gard Espeland
Sidan 1958 har vegfarande campingturistar kunne overnatte på Heimtun camping på Frya. Størst var turisttrafikken i 1970-åra. Den nye europavegen fører til store endringar i grenda.
Campingplassar i Fron av Gard Espeland
Eit oversyn over campingplassane i Fron
Rolstadlia – husmannsbruk under Nigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken
Som dei andre store gardane i Rysland hadde også Rolstad-gardane dei fleste av husmennene sine på baksida – der den sørlegaste delen difor vart kalla Rostadlia. Lengst sør låg plassane til Nigard.
Osteproduksjon på Harpefoss av Eiliv Enget
Alt rundt 1900 skal brørne Petter og Hans Haugen ha bygd eit lite ysteri på Harpefoss. Dette var kanskje det fyrste ysteriet i Fron som tok i mot mjølk frå produsentane og ysta ost som dei sende ut av bygda.
Falskmyntaren som vart slave av Tore Fevolden
I 1738 vart 22 gamle Halvor Olsen Fevolden dømt til å vere slave på livstid fordi han hadde laga falske myntar. Han døydde i 1740, og var truleg den fyrste frøningen som vart festningsslave.
Frøningar i borgarkrigen av Ola Morken
Minst 16 frøninar deltok i den amerikanske borgarkrigen. Motiva for å verve seg kunne vere naud og svolt etter uår og dårlege tider. Mange frøningar budde i Coon Valley i Wisconsin eller Skogdalen som dei sa.
Frå eit nordisk sommarkurs på Vik av Rasmus Stauri
I 1908 starta Gudbrandsdalens folkehøgskule på Vik i Kvam ein lang kurstradisjon for nordiske pedagogar. Det fyrste kurset var for norske og danske lærarar, seinare kom det deltakarar frå heile Norden.
Historia om Liene skule 1916-2013 av Eli Ringen og Else Marie Sletten
Liene skule er historie. Sjølv om Liene barnehage lever vidare i huset, er det sett punktum for ei 100 år gammal skulehistorie. Om lag 1350 elevar og meir enn 90 lærarar og assistentar har arbeidd på skulen.
100 år med nestekjærleik og omsorg av styret i Sør-Fron sanitetsforening
I 2014 var det hundre år sidan Sør-Fron sanitetsforening vart stifta. Målet var å drive humanitært arbeid og betre folkehelsa. Gjennom mange år dreiv sanitetsforeninga sjukebilen i bygda.
«Litljgardskaræin» av Vemund Hagen
Kvar sitt par ski, kvart sitt rom, kvar sin moped. Tre enkle liv utan kvinnfolk, parabolantenne og unyttige ting. Det var «Litljgardskaræin», Olaf, Alfred og Trygve som budde øvst i Sødorp.
Klengjenamn på Kvam av Håkon Sveen
Avanserte klengjenamn finn vi i heile Fron. Men truleg er det berre i Kvam at folk trivst med oppnamna sine – dei fleste i alle fall. Har du fyrst fått eit oppnamn, er det ikkje lett å bli kvitt det.
Turisttrafikk med båt i Skåbufjellet av Per Ottesen
Tidlegare var det båttrafikk i Skåbufjellet. Frå vassenden i sørenden av Espedalsvatnet til Olstappen kunne turistane bruke båt før 1940 – med unntak av eit par små strekningar der dei måtte gå.
Skodalsåa kulturstig av Guri Skurdal Tofte
Langs Skodalsåa på Harpefoss har Skodalsåas venner laga ein kulturstig med informasjonstavler der alle kan lesa om den store aktiviteten som var langs elva tidlegare.
Årsmelding for Fron historielag 2014, kulturprisar for Nord-Fron og Sør-Fron for 2014 og oversyn over medarbeidarar.