Innhald i Fronsbygdin 2017

Komponisten frå Nedregate av Anton Løkken

Som gutungen lydde Sigurd Berge etter lydane i Laugen. Som vaksen var det lydane i Sula som stimulerte skapartrongen. Mye av musikken han og samtidskomponistane presenterte, var omstridd.

Russiske krigsinvalide i Sør-Fron av Eirik Brazier

Russiske krigsinvalide fra første verdenskrig ble internert på Grytting og heggerud i 1917-1918. Norge stod utenfor krigen, men virkningene av krigen satte sine spor også i våre lokalsamfunn.

Betongvareproduksjon i Nord-Fron av Gard Espeland

I 1953 begynte brørne Lund å produsere betongvarer på Sjoa. I 1966 flytta bedrifta til Lomoen. Nå blir det ikkje produsert betongvarer på Vinstra lenger, men familien Lund er framleis i bransjen.

Kolgroper og fangstgraver ved Vinstra av Arne Skuterud

I Lomoen og Rustmoen er det registrert om lag 100 kolgroper og fangstgroper. 60 av desse er undersøkt meir grundig ved arkeologiske utgravingar, og 23 er verna. Gropene er truleg 1000 til 3000 år gamle.

Nykonfirmert og underbudeie

Som nykonfirmert tok Maria Skindehaugen arbeid som underbudeie på ein gard i Sødorp. 80 år gammal vart ho intervjua om dette. Ho fortel om livet på setra og om korleis det var å bu i fjøset om vinteren.

Fyrste hopprennet mitt i Børebakken av Ola Holen

Den 15.februar 1948 vart det arrangert eit stort hopprenn i Børrebakken på Sør-Fron. Frå Dombås kom det fleire gutar med godstog for å delta. Torget var forseinka, og dei måtte skunde seg over isen for å kome fram.

Husmannsbruk under Nordgard Rolstad av Odd Jan Skriubakken

I 1723 hadde Nordgard Rolstad ein husmann. I 1865 var det seks. Alle låg på baksida i «Rolstadlia». Sidan 1738 har garden vore kalla Fautgarden etter futen Pram som åtte garden fram til 1776.

Sør-Fron på tvers av Trond Halle

Frå Straumbu i aust til Marsteinhøgda i vest strekkjer Sør-Fron kommune seg på tvers av dalen, åtte mil i luftline. Det tok meg seg dagar å gå denne strekninga, frå grensa mot Folldal til grensa mot Øystre Slidre.

Spennande metallfunn i Sødorp av Tormod Bråten

Nær sagt over alt i bakken under oss ligg det ting frå tidlegare tider som vi kan finne med ein metallsøkar. Her er eit lite utval av slikt som er å finne på Kvam og i Sødorp dei siste åra.

Sør-Fron bibliotek 150 år av Marit Kamp Lie

Det fyrste forsøket på å få til eit bibliotek i Sør-Fron vart gjort alt i 1830, men fyrst i 1867 kom det ei «Almueboksamling». Dei fyrste 20 åra var landhandlar Thor Alme bibliotekar.

Boklånet i Lia av Gard Espeland

Folkeboksamlinga – boklånet – var det viktigaste, faste kulturelle tilbodet i kvardagen. Da vart dei to låste skåpa i Veslesalen i Avholdshuset låste opp, og ein kunne skaffe seg lesestoff for heile veka.

Frå dei fyrste åra på ungdomsskulen av Kåre Sveinhaug

Alt i 1959 fekk Sør-Fron kommune ungdomsskule. Og ikkje berre var det den fyrste ungdomsskulen i Gudbransdsdalen, men ein av pionerskulane av dette slaget i heile landet. Det inspirerte både lærarar og elevar.

Spelmannen Iver Storodden av Rasmus Kjorstad

Ein sein haustkveld i 1896 skreiv den svenske folkemusikkforskaren Einar Övergaard ned 21 springleikar som Iver Storodden spelte. Det måtte gjerast i det stille for ikkje å vekkje dei andre gjestene på Byre.

Daglegliv på Veikle Gudrun Lunde fortel til Kjartan Ruset

I 1932 kjøpte Nord-Fron kommune Veikle i Kvam, og gjorde garden om til aldersheim. Gudrun Lunde vart tilsett som pleiar på Veikle frå 1953 til alle bebuarane vart overført til den nye aldersheimen Sundheim i 1962.

Historia om bruka i Skar av Palmer Skar, Anders Nustad og Kristen Brendhaugen

Frå dagleglivet i Skar

600 meter over havet ligg dei tre bruka i Skar. Fleire generasjonar livnærde seg her, og eit lite samfunn voks fram. I dag er bruka eit turmål, og mykje er gjort for å halde historia levande om dei som budde her.

Vakre steingjerder av Rasmus Stauri

Namna på dei ulike delane av hestselaen

Årsmelding for Fron historielag 2016

Minneord Ragnar Øvrelid (1928-2016) av Rasmus Stauri

Minneord Per Ottesen (1945-2016) av Rasmus Stauri

Sør-Fron kulturpris 2016

Nord-Fron kulturpris 2016

Oversyn medarbeidarar 2017

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading