Motstandsmannen Hans Skriubakken av Odd Jan Skriubakken
Hans Skriubakken kom med i motstandsarbeidet i 1941. Frå hausten 1944 låg Milorgs distriktsleiing skjult i Hiet i Ulbergsmorka. Berre Hans visste kvar dei var. I Hiet hadde dei radiosamband med England.
Oppvekst i Øverbygda i 1960-åra av Fride Gunn Rudi
I 1960-åra hadde mange frøningar framleis ein gris eller nokre høner sjølv om dei ikkje hadde gard. Og ofte var barna med i arbeidet slik dei hadde vore i generasjonar.
Lange svev i Brakjebakken av Paul Henrik Hage
I 1946 vart tradisjonen med «Vinstrarennet» i Brakjebakken teken opp att. Etter at bakken vart utbetra og utvida, vart det hoppa over 50 meter, med bakkerekord på 55 m i 1974. I 1989 vart stilaset teke ned.
Rønnshaugane – plassane under Rønn av Odd Jan Skriubakken
Truleg har det vore i alt tolv husmannsplassar under nørdre og søre Rønn. Her er historia om Rønnsbakken, Rønshaugen, Erlandshaugen, Brennlykja, Knappen og Gutu.
Høgfjellskonserten ved Rondane av Vidar Olaussen
Å utnytte fjellområda våre til spektakulære konsertopplevingar kan i ettertid synast sjølvsagt, men i utgangspunktet var ikkje det ein strategi alle kunne slutte seg til. Men alt fyrste året vart konserten ein suksess.
Ein minnerik tur til Otta (skulestil)
Ein gong tidleg på 1900-talet reiste Marit Dalseg (1891-1970) til Otta med toget samen med mor, far og tanta i. Ho fortel entusiastisk om reisa i ein skulestil som ho fekk «meget godt pluss» på.
Hels utvandrarane frå meg! av Per Åsmundstad
Kvikne-Skåbu var den delen av Nord-Fron som hadde flest utvandra til Amerika i 1850-1910. Toppåret var 1870, da 85 reiste. Det kunne vere tungt at leikekameratar og slektningar var borte for alltid.
Gjensyn med Kvarvet etter 46 år av Steinar Morken
Etter kampane ved Tretten i april 1940 og forvirringen som oppsto, rømte mange engelske soldater over fjellet på østsiden av dalen for å nå igjen avdelingene sine. En av dem var R.G.Coleman.
Barndomsminne frå Søre Eldåsetra av Johan Dalseg
For ein storfiskar på fem år var det så stort å få fisk at han måtte ha fangsten sin på ein asjett ved sida av senga om natta. Men det er også farleg å fiske for ein som er så liten.
Da Ole J. Hovden bora etter vatn av Jan Hovden
I 1953 tok Ole J. Hovden til å bore etter vatn med ei enkel støtboremaskin. Behovet for vatn var stort, og det var ikkje nødvendig å bruke eitt øre til marknadsføring. Etter kvart vart teknologien avansert.
Krupp og syerskene på Hera i Lia av Carl Henrik Grøndahl
Hera fabrikker i Lia var lenge den største industriarbeidsplassen i Sør-Fron med opptil 200 på lønningslista – dei fleste kvinner. Eigaren, Israel Krupp, sette spor etter seg i bygda.
Fra flykning til kurér av Jødisk museum i Oslo
Oppvekst på Nordgard Tåkåstad av Anton Tagestad
I 1920 vart Anton Tagestad født på Nordgard Tåkåstad. Han budde han til familien flyta på på Kilsetra som bureisar i 1935. Det var ei overgangstid frå det gamle bondesamfunnet til moderne landbruk.
Dei passa sjukekassa i Nord-Fron av Nora Stormyrbakken og Tor Larsen
Mellom 1912 og 1952 styrde far og son Ole og Olav Larsen i Sorperoa kretssjukekassa i Npod-Fron. Dei passa på at alle – også lækjarane – heldt seg til reglane.
Spelmannen Jonas Dokken av Johan Dalseg
Spelmannen Jonas Dokken var ein av dei mest namngjetne spelmennene i Sør-Fron. Men han var også ein allsidig handverkar, ein ivrig fiskar og ein slitande god forteljar.
«Utta lina» på Vinstra av Trygve Sundt
Området «Utta lina» var ein viktig del av tettstaden Vinstra. Her låg Byre gard, Ysteriet og Bøndernes hus, og her kunne sirkusa slå opp telta sine. El-verket har teke over ein stor del av området.
DNT-hytta som vart liggjande feil – Anders Hage fortel til Carl Henrik Grøndahl
Skriurusten i Langsudalen heilt vest i Søt-Fron er DNT-hytta som ikkje ligg der ho eigentleg skulle ha vore. Dei gav opp, rett og slett, å få ho heilt fram, dei som skulle flytte ho.
Vandring i Nygaards komposisjonsrike av Rasmus Stauri
I år er det 100 år sidan spelmannen, musikaren og komponisten Oddvar Nygaard vart født, 23.juli 1919. Han brukte dølakulturen som grunnlag for det han skapte.
Jordmor på Nord-Fron i 46 år av Bjarne Øygarden
Ingeborg Jacobsen var jordmor på Nord-Fron frå 1922 til 1968. Frå 1948 til 1955 hadde ho fødestove heime hos seg sjølv. Ho mista mannen sin da ho berre var 30 år gammal.
Siste turen med hest?
Årsmelding for Fron historielag 2018
Kulturpris for Sør-Fron 2018
Kulturpris for Nord-Fron 2018
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2019