Innhald i Fronsbygdin 2022

Forfattaren på Koltjønnhaugen av Åge Jevne Hagestuen

I ei hytte på Pinsetra ved Koltjønnaugen på Sødorpkjølen skreiv forfattaren Anka Borch mange bøker der handlinga er lagt til området. Også personar som levde på seterstulen dukkar opp i bøkene hennar.

Turisme og setring i Dalseg-Eldåa av Aud Bjørke og Mari Bjørke

Alt før 1900 vart Eldå-setrene nytta av byfolk på jakt. Seinare vart Dalseg-Eldåa bygd ut til å ta imot turistar. Det skal også ha vore eit barnepensjonat her – langt inne på fjellet – på slutten av 1800-talet.

Gamalapalen på Øvre Sandbakken av Paul Henrik Hage

Peder Olsen Bandvold (1828-1892) gjorde mykje for å innføre fruktdyrking i Fronsbygdene. Han hadde planteskule, og da skulen var på sitt beste, vart det seld 300 frukttre for året.

På «omgangsskule» i Nerbygda av Ole Widme

Det var ikke plass til de store barnekullene i de små grendeskolene i Sør-Fron etter krigen. I Nerbygda måtte derfor noen klasser holde til på Oden og Jørstad. Først høsten 1961 var den nye Midtbygda skule helt ferdig.

«Kvekt på Fossa e helgen!» av Per Tofte

På Fokelts hus på Fossa, i Avholdshuset i Lia og på «Komuna» var det store dansefestar. Ofte kunne det bli riktig kvekt. Alt som hadde skjedd, vart nøye vurdert da kvardagen kom.

På Gålå – 40 år etter av Dag Kongsvik

Gjennom 130år har Gålå gått fra å være en seterstul til eit turistområde. Lenge levde seterdrift og turismen parallelt. Men selv om den tradisjonelle seterdrifta nå er borte, blir kveene holdt i hevd og brukt.

Klokkespelet i Søt-Fron kyrkje av Øystein Hov

I 1956 fekk Sør-Fron kyrkje eit elektronisk klokkespel i gåve av norskamerikanaren Andrew Melgard. I nesten 20 år spela det salmar og songar. Nå er eit nytt klokkespel planlagt ved kyrkja.

Den omskriftande historia til Sofienberg av Gard Espeland

Rundt 1850 bygde pastor Frederik Galschjøtt «den fine og dyre» heimen Sofienberg på Sør-Fron. Staden har seinare vore brukt til sommarhotell pensjonat, kurheim, badesanatorium og privatbustad.

Husmannsbruk under Sygard Grytting av Odd Jan Skriubakken

I 1865 var det seks husmannsplassar under Sygard Grytting: Morka, Håmåren, Jørn, Jakop, Østen og Lurhaugen. Det har òg funnest ein eller to plassar som vart skrive «Gryttingsødegaarden».

Bussrutene til Espedalen og Skåbu av Thor Bjerke

I 1950 var veien gjennom Gausdal til Skåbu ferdig. Samme år fikk Gausdal bilselskap (GB) konsesjon på en bussrute på denne strekningen. I 1955 overtok GB et rutebilselskap som var eid av Skåbu Samvirkelag.

Da Øverbygda fekk guttemusikk av Asbjørn Ringen

Øverbygda guttemusikk vart stifta i 1952. Fram til 1965 eksisterte laget side om side med Hundorp guttemusikk. Laga gjekk da saman under namnet Sør-Fron guttemusikk. I 1968 vart namnet Sør-Fron skulemusikk.

Hekseprosessene i Fron av Tore Fevolden

Bare i de tre årene 1619,1620 og 1621 var det sju hekseprosesser i Fron, og fire kvinner ble brent på bålet. Ingen andre bygder i Gudbrandsdalen hadde så mange prosesser om trolldom.

Da trimmen kom til Fron av Tine Elisabeth Slang

På slutten av 1960-åra dukka det opp eit nytt ord også i Fron – trim. Arbeidsdagen hadde vorte for roleg, og nå skulle det trenast, bøyast og strekkjast. For trimgenerasjonen vart det nær sagt ein livsstil.

Heile Ruste stod bak seks seterstemne av Ole Magnus Røen

Frå 1962 og utover vart det arrangert seks seterstemne ved Vollsvatnet mellom Gålå og Fefor. Heile granda var med, og overskotet gjekk til Ruste bygdahus som stod ferdig i 1965.

Den fyrste kvinnelege æresmedlemmen av  Geir Teigøyen

Ragnhild Kjorstad har lagt ned mykje arbeid for Fron historielag. Ho sat i styret frå 1976 til 1991, og ho var den fyrste kvinna som vart utnemnd til æresmedlem. Ho har hjelp mange med slektsgransking.

«Korleis freistar dei i vår tid å arbeida mot lungetæringa?» av Bersvein Bjørke, 1920

Jernbanebrua ved Solbrå av redaksjonen

…sa´n Albert Lisbetstugun av Gard Espeland

Patriarken på Glasmestermoa av Asbjørn Myrvang

Årsmelding Fron historielag 2021

Nord-Fron kulturpris 2021

Sør-Fron kulturpris 2020

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading