Han laga høypresser til heile landet av Åge Jevne Hagestuen
Mathias Skar konstruerte og produserte høypressa Letvint som han selde til heile landet i mange hundre eksemplar. Han laga også sloddar, annan reiskap og møblar i verkstaden på Nigard Skoe.
Liv og lagnad i Øyakleiva i Sødorp av Paul Henrik Hage
Øyakleiva i Sødorp er ein av dei mange heimane i Fron der det ikkje lenger bur folk. Men ein gong budde det familiar med mange barn der – og med Skar som næraste nabo på andre sida av kommunegrensa.
Farvel, Prins Carls veg! av Dag Kongsvik
I 1896 fekk den populære svensk-norske prinsen Carl vegen til utsiktstårnet på Gålå kalla opp etter seg. Nå er vegen nedbygd med hytter, og eit kulturminne er nesten borte.
Det lykkelege paret Kristian og Kristine av Anton Løkken
Dei budde i ei lita stove utan innlagt vatn. Dei hadde tilbod om å få flytte til Sundheim, «men oss er fornøgde med alt så lenge oss får vera heime, og så lenge oss greier oss sjølv,» sa Kristian.
Politiovervaka lærear på ruste skule av Paul Henrik Hage
Birger Bakken var lærar i Ruste frå 1952 til 1958. Fordi han var erklært kommunist, vart han overvaka, og han fekk si eige mappe hos overvakingspolitiet. Han var godt likt av elevane.
Han levde litt utanfor folkeskikken av Gunnar Lien
Harald Rolstad oppførte seg uvanlieg, ofte også provoserande. I bygda var det delte meinigar om kor mykje vit han hadde, men få andre følgde så godt med i kva som skjedde i landet – og i verda.
Husmannsbruk under Suleng av Odd Jan Skriubakken
Under Suleng, som ein gong var to gardar, låg Søre og Nørdre Sulengshaugen, Holten, Søre og Nørdre Jenshus, Kvernhaugen og Hardvoll. hardvoll forsvann ut av soga ein gong etter 1875.
Frå Vinstra til Stange for å gå på skule av Anton Løkken
I 1938 reiste Åse Haugen fra Vinstra til Stange for å gå på meieriskule. Planen var nok å kome att, men kjærleiken gjorde at ho vart verande der heile livet. Men kontakten med heimbygda braut ho ikkje.
Da det budde folk i Augldalen av Jo Dalseg
Heilt fram til fyrstninga av 1900-talet, budde det folk i den tronge Augldalen, fyrst i eit hus bygd inn til fjellveggen, sidan i ei lita, tømra stove. Her vart det arrangert dans og kortkveldar.
Ordkunstnaren frå uppi Nørdre Li´n av Rasmus Stauri
Framleis lever det replikkar og ord etter Janna Lien. Managt av det ho sa var treffande, og kommentarane hennar kunne ofte au ha ei djupare sanning. Og replikkane kunne vera bitande
Da Vinstra fekk ungdomslag av Per Åsmundstad
Det fyrste ungdomslaget på Vinstra vart skipa i 1894 av sanatoriumeigar og landhandlar Petter E. Olsen. Gode støttespelarar var jernbaneingeniør Wiull og distiktslege Carl Stoltenberg.
Bygde føderådsbygning til seks sysken av Sigrid Sveipe Bergseth og Tine Elisabeth Slang
Før Even Sveipe overlevert garden til brorsonen sin i 1939, hadde han bygd føderådsbygning til seg sjølv og sine fem sysken. To av dei fekk etterkvart hushjelp/pleierske til å stelle for seg.
Helgenen Sankt Blasius i Skåbu av Bjørn Loe og Tommy Myran
På Megarden i Skåbu lå det tidligere en kirke viet til Sankt Blasius. I dag er han mellom mye annet også helgen til for dyrleger. Kirka ble revet før 1781, men fortsatt finnes det minner om den.
Ole Paulsen Skabo – den første dyrlegen fra Skåbu av Bjørn Loe og Tommy Myran
Ole Palsen Skabo, født i 1875 praktisert som amtsdyrlege i Buskerud. Han mottok sin autorisasjon etter endt veteriærutdannelse i København i 1903.
Kultur som næring på Rudi gard av Nina og Øystein Rudi
Gjennom over 20 år har Nina og Øystein Rudi satsa på kultur som næring på Nedre Rudi gard i Ryssland på Sør-Fron. Omlag 500 konsertar og enda fleire arrangement har det vorte så langt.
Også frøninger måtte hylle kongen av Tore Fevolden
I dansketiden ble norske bønder og lagrettemenn pålagt å hylle den nye kongen ved tronskifter. Både i 1591 og 1610 ble også tolv frøninger utpekt til å være med på dette. De måtte sverge troskap til kongen.
Iversen-jentun på harpefoss av Odd Jan Skriubakken
Iversen-jentene, Anna og Jørgine, var flinke sydamer. Dei budde i Sigurdvegen ved Harpefoss stasjon. Fram til 1941 passa dei to grinder ved jernbaneovergangen som måtte opnast ved kvart tog.
De vanskelige 1780- og 1790-årene av Tore Fevolden
Slutten på 1700-tallet var generelt vanskelige år for Norge. Storofsen gjorde forholdene ekstra vanskelige i Fron. Dødeligheten var høy, og ei enke mistet fem av elleve barn på åtte måneder.
Julefeiring i 1960-åra av Brit skurdal Braastad
Julefeiringa følgjer faste tradisjonar. Nokre har vi felles, og nokre er spesielle for den enkelte familien. Men også faste tradisjonar endrar seg sakte og sikkert – måltida, festane og gåvene.
Vinstrarevyen 40 år av Hildegunn Maria Haanes Ruset
I 1982 arrangerte ein gjeng «old boys» festar med underhaldning. Dette førte til tankar om også å lage ein revy. Tobben Mathisen, Håkon Sveen og Harald Madshus hadde alle erfaring med revyarbeid frå før.
Lokalhistoria i Fron av Redaksjonen
Kleiven, Hovdhaugen, Øvrelid og Høgåsen er kjende namn som alle har gjeve solide bidrag til lokalhistoria for Fron. Gjennom årboka Fronsbygdin har 200 personar ajouført lokalhistoria og gjeve ho breidde.
Skribentar i Fronsbygdin 2003-2023
Årsmelding Fron historielag 2022
Nord-Fron kulturpris 2022
Sør-Fron kulturpris 2022