Innhald i Fronsbygdin 2024

Hans Løkken – Eit musikalsk liv av Geir Paulsrud

Vømmøl spellmannslag slo igjennom for 50 år sidan, i 1974, Hans Løkken hadde da i to år samarbeidd med Hans Rotmo, og var ei viktig brikke i suksessen. Musikk var heile livet ein viktig del av livet til Hans. Saman med Trond Halle stod han bak dølarock både som trend og ikkje minst omgrep, nemleg rockemusikk på dølaspråk. Nå er både Trond og Hans borte.

Espedalskyrkja 50 år av Øistein Hov

Det er gamal kyrkjelyds- og gravferdstradisjon i Espedalen knytt til Verksodden og Gravholmen. Arbeidet med å få byd ny kyrkje og forsamlingslokale der kom i gang midt på 1960-talet.Lokalsamfunnt, hytteeigarane, turistnæringa og kommunane som deler Espedalen, stod saman om planleggingsarbeidet. Det var god støtte frå soknerådet i Sør-Fron og soknepresten der, og frå biskopen i Hamar. I 1973 vart grunnsteinen lagd ned, og alt sommaren året etter sto bygget ferdig. Kyrkja vart vigsla 14. juli 1974.

Essdølane og kyrkja av Erling Skurdal og Odd Arild Stubberud

Behov for og ønskje om eit eige kyrkjehus har som i dei fleste samfunn alltid vore til stades i Essdalen. I ein stutt periode da veket gjekk for fullt på Verksodden (1847-56), hadde dei der lokale som og var brukt til kyrkjelege handlingar. I tida etter det har bygging av ei kyrkje vore diskutert med jamne mellomrom, og gleda var derfor stor hos Essdølane de Espedalen fjellkirke endeleg var ein realitet i 1974.

Frå Sjoa til Vancouver, Kanada av Erling Skurdal

Dei fleste av oss reiser ut verda, stutt og langt, for ei lengre eller stuttare tidsperiode. For Hjørdis Kloppen Stormorken frå Sjoa (91) vart reisa svært lang, både geografisk og i tid. Men minna frå oppvekståra i Gudbrandsdalen er mange, og kunnskapen om folket og det som skjer der i dag er mildt sagt imponerande.

Bruene over Laugen i Sør-Fron av Geir Paulsrud

I Fronsbygdin i år har vi artiklar om både Hundorp bru og Breivegen bru. Her er ei lita utgreiing om bruene over Laugen i Sør-Fron. Harpefoss bru har lege der så lenge vi har oversikt over, medan Harpe bru vart ein del av den nye E6 i 2016. Hundorp og Breivegen vart bygd med vel 50 års mellomrom i det førre århundret, og gjorde at det vart god kommunikasjon mellom Soloida og baksida etter at motorkøyretøy tok over for apostelhestar, ferjer og hestetransport.

Hundorpbrua er 100 år av Nils Christian Steig og Rasmus Stauri

Å byggje bru er å byggje kontakt. Hundorpbrua har betydd mykje for folk gjennom åra, og gjer det også i 2024.

Breivegen bru av Ola Morken

Ein av dei gamle overfartstadane over Laugen mellom Solsida og Baksida, gjekk om Breivegen. Truleg har staden fått namnet sitt etter denne trafikken. Breivegen bru vart bygd som kompensasjon for utrygg isveg etter vassdragsreguleringa.

Krigsseglaren som er gravlagd i Skåbu av Marit Håkenstad

Vakkert til like ved kyrkjestugu i Skåbu står ei gravstøtte med nemnet Leif Klæboe på. Han var ein krigsseglar frå Finnmark med ei svært dramatisk historie bak seg. Men korleis hadde det seg at han etter krigen hamna i Skåbu og fekk si grav her?

Møbelsnikkaren i Skoesmia av Åge Jevne Hagestuen

Skoesmia er mest kjent for produksjon av landbruksredskap, og da særleg høypressa Lettvint som Mathias Skar fann opp og selde over heile landet, til og med til Island. Men det var også ein betydeleg møbelproduksjon i Skoesmia, og den var det i hovudsak Anton T. Haugen (Grøndokkhaugen) som stod for.

Frå Botten i Sødorp til Botten i Espedalen av Paul Henrik Hage

I dei periodane gruvedrifta i Espedalen stod på, var det mange frøningar som søkte dit for å få seg arbeid. Nokre få av dei hadde med seg familien, og slo seg til der også etter at gruvedrifta var over. Ein av desse var Hans Monsen med familie frå Botten i Sødorp.

Historia om eit spektakulært steinalderfunn frå Kjorstad av Pål Kjorstad

Lokalhistorisk og delvis nasjonalhistorisk er kjorstad i Ryssland omtla og representert i mange ulike tidsbolkar, som jernalderen, merovingartida, vikingtida, mellomalderen og nyare tid. Her har det bl. a. vore gravhaugar frå ulike tidsperiodar, steinring, gudehov og kyrkje. Funnet av ei steinkølle i 1992 viser at det har vore busetning i dette området alt i steinalderen.

Amund Stenhaugen – småbrukar i Byrhågå og arbeidarpartipionér av Paul Henrik Hage

Det er mange slitarar som står bak danninga av det rike organiasjonslivet her til lands, som har vore svært viktig for framveksten av det velferdssamfunnet vi har i dag. Ein stor del av desse som gjekk framfor og kva dei gjorde, er i dag ukjent for dei fleste, men dei fortener ein plass i historia vår. Amund Stenhaugen 1869-1932 frå Nord-Fron er ein slik ein.

Gründeren Anton Martinussen Skurdal av Guri Skurdal Tofte

Anton M. Skurdal (1882-1957) er eit døme på korleis ein kan skape seg ei god framtid om midlane er små berre initiativet og viljen til hardt arbeid er på plass. For meg var det svært interessant å sjå nærare på livet hans, bestefar min, ein som eg ikkje kjente så mye til i og med at han døydde før eg vart født. Eit rikt arkiv av notatbøker og bilde gjorde dette mogleg.

Skøyteløp på Vinstra av Paul Henrik Hage

Ski og skirenn har lange tradisjonar i Gudbrandsdalen. Mindre utbreidd har skøyter og skøyteløp vore, men på enkelte stader har det vore klubbar og sterke miljø innan denne sportsgreina og. Ein av desse stadene var Vinstra, som i store delar av det førre århundre arrangerte stemne med stor deltaking av både nasjonale og internasjonale stjerner, på Laugisen og i Kåja.

Skøytesporten i Sør-Fron av Tormod Tofte

Sesongen 2023/24 markerte den femtifyrste vinteren på rad med skøyteis på Flatmoen idrettspark i Sør-Fron. Hausten 1973 bestemte eit knippe driftige eldsjeler i bygda seg for å prøve å isleggje løpebana på idrettsanlegget, slik at  ungane og ungdommane kunne ha ei ordentleg 400-meters skøytebane å boltre seg på. Dette betydde starten på eit svaært rikt og aktivt skøytemiljø i Sør-Fron, og Flatmoen er i dag ei av berre svært få naturisbaner som eksiterer i Noreg.

Einar Underdalshaugen – den fyrste maskinhandlaren i bygda av Gunnar Lien

Einar Underdalshaugen stod oppført som maskinhandler i telefonkatalogen. Og sjølv om maskinene hans var små og verksemda hans kanskje ikkje så omfattande, målt med dagens augo, kan ein trygt seia at han var ein forløper for dagens maskinentreprenørar i landbruket.

13 år og budeie – sommarminne frå 1960-åra av Aud Lunde Renshusløkken

Før måtte ungane ta meir del i arbeidet på ein gard som t.d. seterstell om somrane. I dette låg det mye læring av praktisk art, det å forstå at ein måtte bidra ved behov og ikkje minst føle mestring og arbidsglede. Leik og sosialt samvær høyrde og med til sterlivet. Slik var det også for to svært unge seterbudeier på fagerli.

Da turismen kom til Børkdalen av Morten Skurdal

Setrer var utgangspunktet for den første spede strømmen turister som inntok fjell-Norge mot slutten av 1800-tallet. Først ved at eksisterende seterhus ble tatt i bruk, og seinere ved at egne hus ble bygd for å kunne ta imot de besøkende. Noen setrer ble også kjøpt opp og tatt i bruk som fritidsbolig. Det skjedde også da de første turistene slo seg ned på Børkdalen i Sør-fron.

Bekken i Lia var livskjelda av Gard Espeland 

Ein gong i tida vart det grave ein bekk frå Fossåa i Lia og nedover Kleiva og til Vollane. Om sommaren gav bekken vatn til dyr og folk, og til åker og eng. Om vinteren måtte vatnet kjørast eller berast frå elva.

Vinstrarevyen 40 år, del 2 av Hildegunn Maria Haanes Ruset

Med unntak av eit lengre opphald på 80-talet og deretter berre nokre få uregelmessigheiter, har Vinstrarevyen vore produsert annankvart år i 40 år. I fjorårets Fronsbygdin (2023) publiserte vi artikkelen om dei første 20 åra av revyen. her ekjem resten av historia- og noko til.

Revyfamilien Madshus

Og eg ser på deg av Rasmus Stauri

I 34 år heldt leikarringen Dale-Gudbrand på Sør-Fron levande ei samværsform og ein dansetradisjon med røter frå sist på 1800-talet. Ringen vart nedlagt i 2015.

Årsmelding Fron historielag 2023

Nord-Fron kulturpris 2023

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading