Presten som ville skyte fruktsommelige koner

Ivar Kleiven fortel om gal´npresten i Kviknekyrkja

«I dag skal de få, Kvikneværingene!»

IVAR KLEIVEN: Peder Markvard Otzen, 1813-1815, kom til Fron frå Hallingdal og vart her i bygda kalla for «Galn´presten». Nettopp hugugalin eller nokon galning elles var han nok ikkje, men han var friare i omgangslaget sitt og la ikkje for dagen prestvørdnaden som folket var vante med. Og så tykte han det var moro å skape seg vørslaus. Han var utgjord på veiding og strenda omkring med børsa i Lomoen seint og tidleg. Ein gong råka han ei kjerring der i skogen, straks han var komen i byda. Ho kjende ikkje presten og spurde kva han var for kar.

Å, jeg er en engelskmann som kommer fra fjellet og skal skyte ihjel alle fruktsommelige koner

svara han. Kjerringa stakkar, var nok i dei omstende og stokk illt for det svaret, men han drog straks vidare, så ho slapp med reddåga – han såg nå ut som ein gjevorningsslask ôg.

Det tida var det ikkje kjerreveg til Kvikne, og Otzen gjekk ofte Rustebaksida opp til Huskebrua. Ein gong han skulle ha messe i Kvikne, låg han laurdagsnatta på Bø og om kvelden vart han og Johannes Bø sitjande med ei flaske og drammeglas i så livleg prat, at dei glømde bort tida. Om morgonen, da ho Goro Bø skulle sjå uti kammerset til presten, sat desse to der enda.

Skulle du itte åt Kviknekjørkjun i dag, au, du?

spurde Goto.

Javisst skal jeg så, har du en salmebok at låne meg som snarest?

sa han, Han fekk salmeboka og såg i ho ei lita rid, dermed sa han:

I dag skal de få, Kvikneværingene!

Han kom til Kvikne i rett messetid og heldt ei slik preike at det var ikkje eit turt auga i Kviknekyrkja.

Otzen var nå ikkje galnare enn at han var forlikskommisær den tida han var kaplan på Fron. Ordet har gått at han rømde frå Fron, og det var dei som ville ha sett han att i langfantfølgje, men sanninga er den at han fekk kall i Danmark og døde i Ribe stift 1825.

Frå Fronsbygdin 1930. Publisert her første gong 20.5. 2015

0 Comments

Submit a Comment