Geita var den store vegbyggjaren

by | 18. apr 2023 | Kommunikasjon | 0 comments

Skåbuvegen har vore eit gnagsår til alle tider

Berre på turreste årstida er vegen nokolunde. Skåbuvegen 1919.

MARTINIUS HØGÅSEN 1928:  I Vinstradalen har vi eit gamalt, rettvist vegkrav. Her er reist krav om ombygjing og fleire vender, men so har det sovna til att. Bygdafolket kan ikkje lenger slå seg til ro med tilstanda som dei er. Vegen er til sine tider slik at det er reint fårlig å fara han, med utglidingar og ras om våren, kjøving og svell om vinteren. Bakkut er han til gangs. Vegdekket er kleint. Grøfter og stikkrenner finst ikkje eller er slike at dei helst vi gro att. Berre på turreste årstida er vegen nokolunde.

Skåbuvegen – alltid ei glede. Ved Høgberget.

Problem også i nyare tid. Dagrevyen var på besøk etter flaumen i 2013.

I gamle dagar kunne bygdene våre greie seg godt om vegane var få og dårlege. Då var, som Vinje sa, geita den store vegbyggjaren. Og mange rare vegar vart lagt i dei tider. På eit vis kan vi tykje dei var morosame og romantiske, desse vegane. Det vesle folk kjøpte og selde i året, var ikkje meir enn det kunne berast på manneryggen eller hestekløva. Men no er tia ei heilt anna. Vi fer no på to dagar den vegen der farfar brukte to veker. Men i bygdene er det ille stelt på fleire vis. Det kan ofte vera dyrt å byggje vegar i ulendet, men alle burde forstå at det er langt dyrare å få landet snøydt for folk. Det er provinsar for landet tapt.

Her kan du køyre Skåbu-Vinstra på fire minutt


Vinstradalen stig bratt op frå Vinstra st. og er bygt 3-4- mil innetter. På den 3 mils vegen til Kampesæter er det ei stigning på over 600 m,. so ein skynar det ber hardt i veret. Her ligg då bygdene Kvikne, Tverrbygda og Skåbu, typiske fjellbygder med bratte jordvegar og skog. Jorda er steinut, men endå god, betre enn mangestad utpå dei breie bygder. So det veks utruleg millom røysane, og hamna er god. Folk har da ogso greidt seg merkverdig godt her. Frå gamalt har dei ikkje her slike segner om nød og svelithel som t.d. i Solør og Trysil.

Vi kan vel no segja at vegsaka vår ikkje står so verst. Vi har gnage sopass at styresmaktene har vorte var oss. No lyt vi drive på vidare og smi medan jarnet er varmt. Lenge nok har vi stått atterst i køa med hatten i handa.

«Vinstradalføret har kostet hester og folk saa megen slit, at man maa være glad man kan faa erstattet muskelkraft med mekanisk drivkraft opover de lange og tunge bakkene.»

Turisttrafikken vil auka når ein fær ein trygg, høveleg veg. Vinstradalen kan koma til å bli hovudruta inn til Jotunheimen.

Etter omlag 100 år kom han fyrst i køen, Mathias Høgåsen. Frå bygg.no
Hovudoppslaget i Nord-Fron-nummeret av Organ for Det norske Arbeiderpartis avdeling i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Martinius Høgåsen jobba som lærar i Skåbu.

0 Comments

Submit a Comment