Då det tok fire timar frå Harpefoss opp på fjellet

Trille med plass til seks. Bilde frå Telemark museum

Gigg med plass til ein eller to. Bilde frå Telemark museum
EILIV ENGET: Ein snerten kjørdoning som vart nytta når berre ein eller to personar skulle ut på tur, var giggen. Lettbygd med smale hjul og ei fjørbelasta kasse, kunne han brukast etter dårlege fjellvegar. Men med stein i vegen og djupe far der hjula grov seg ned, var nok sjansane små for at dei som sat på, skulle sovne.
Ei større utgåve var trilla med to hestar som trekkraft og med plass til seks personar pluss skysskaren. Det var to store hjul bak og to mindre framme, som kunne snus etter kva veg hestane gjekk. Vanlegvis var det ei kalesje som kunne trekkjast opp om det var uvêr. Trilla vart brukt til transport av gjester til hotella eller for eksempel til transport av bryllupsgjester til og frå kyrkja.
Ein tur frå Harpefoss stasjon til hotella oppe på fjellet med seks personar i trilla kunne ta bortimot fire timar, det same som vi bruker frå Fron til Oslo med bil i dag.
Frå artikkelen «Stadnamn etter Gålåvegen» i Fronsbygdin 2013.
0 Comments