Gjer deg kjend med Sødorp!

Historisk vandring sundag 16. juni kl. 13.00 – 15.00

Her tek Paul Henrik Hage deg med på tur. (foto: google maps)

Fron Historielag arrangerer historisk markvandring i Nedre Sødorp sundag 16. juni. Frammøte klokka 13.00.på Kjørkjesletta ved Sødorp kapell, der det òg er rom for parkering. Paul Henrik Hage skal vere med som kjentmann og fortelje om hus, heimar og folk i det gamle sentrum av bygda og følgjer oss i gjennom Gammelgata, Slåstugugeilen og Kapellvegen. Turen er lett å gå og tek omslag 2 timar. Velkome!!!

0 Comments

Submit a Comment