Greier ikkje halde kjeft i kommunestyret

Velstanden har vorte for stor, seier Eivind Budsberg 

Eivind Budsberg fotografert av Torbjørn Mathisen 1971, frå Gudbrandsdølen.

PAUL HENRIK HAGE: Eivind Budsberg var ein mangslungen kar med sterk interesse for kultur og samfunn. Oddmar Myrum portretterte han på 70-årsdagen i Gudbrandsdølen 11. august 1978:

Frå tid til anna kan ein i Vinstra sentrum råke på ein kar med vadmålsbrok, busserull, tollekniv og hatt og i ei reim over oksla ein gammal ryggsekk. Kven er det som vågar å gå så gammaldags og vørdlaust kledd i vår tid? Jau, sjølvsagt er det Eivind Budsberg frå Sorperoa, for hans største ønske er å vere seg sjølv.

Ved denne helga er han likevel truleg ikkje å finne på Vinstra, for i dag rundar Eivind 70, og i morgon vil han feire dagen heime hos seg sjølv saman med dei som vil vere med. Jammen har kroppen hans Eivind vorte 70 år, men oppi toppen er han berre halvparten så gammal. Tru heller ikkje at han har lagt inn årene fordi om han forlengst er pensjonist. Hittil i 1978 har han lafta opp to store hytter og to stabbur. I fjor sommar la han ned og tømra opp att gammalstova heime hos seg sjølv og fekk inn kleberpeis slik at han fekk ein triveleg stad å vere når han vil ha fred til å konsentrere seg om ein eller annan lesnad.

Tømmermannen

Eivind har vore tømmermann heilt sidan 1941 og har hatt både Johannes Hansen og Harald Wahlquist som læremeistrar. Mange hus har han tømra opp gjennom åra, og han har også fare utanbygds som tømmermann, både i Skjåk og i Heidal. Han tok også på seg å restaurere Vis-Knut-stua, eit arbeid han likte svært godt.

– Tømring er eit triveleg arbeid, seier Eivind, og han har teke på seg å tømre tre stabbur og to hytter til vinteren også. Rett nok har han nå ein kar med seg til hjelp.

Knapt det arbeid han ikkje har vore borti

I ungdommen var Eivind gardsarbeidar og skogsarbeidar, og det er knapt det arbeid han ikkje har vore borti. Lenge for han bygda rundt og skodde hestar. Han hadde forresten tenkt å bli hovslagar, men så kom krigen, og det vart ikkje noko av. Eivind var også mykje nytta som slaktar i Fron og heilt nord til Sjoa.

Ved sida av yrket sitt har Eivind alltid hatt interesse for historie og litteratur. Som bygdehistorikar har Fron Historielag hatt stor nytte av han. Ei spesiell interesse har Eivind hatt av stadnamn, og han har sin eigen teori om navnet både på Sorperoa, Åkre og Sikkilsdalen. Hjelpa i slike saker finn han hos Oluf Rygh og i Ivar Aasens gammalnorske ordbok. Eg kjem sjølvsagt ingen veg med slikt, men interessa er der, og det har vore ein interessant hobby, seier Eivind.

Foto: Oddmar Myrum, frå Gudbrandsdølen 1978.

Humoren ligg på lur

Han har lese både Bjørnson, Ibsen, Hamsun og Duun, men ekstra pris set han på Vinje, som han vedgår han på fleire måtar kjenner seg i slekt med. I likskap med Vinje likar Eivind å duellere med ord, og replikkane kan av og til vere kvasse som kniv, men humoren ligg alltid på lur og kjem ofte fram, til og med i kommunestyret, der Eivind denne perioden er varamann. Han trivst godt ute i naturen, serleg i fjellet, og han har sans for nyttige ting i naturen. Det viser til dømes slipesteinkrakken heime hos han. Den har han laga av ei kluft-furu.

Greide ikkje å halde kjeft

Som politikar har eg kanskje ikkje alltid vore så heldig, seier Eivind, for eg er misnøgd med mangt slik kommunen vår blir styrt i dag. Når det er noko eg mislikar, greier eg ikkje å halde kjeft, for eg meiner at dersom ein ikkje skal seie meininga si, har ein ingenting i kommunestyret å gjere. Men populær blir ein ikkje på slikt. Det går serleg hardt inn på meg når det blir slik at den sterkaste tek seg til rette, slik som tilfelle nå har vore med Barhaug-skolen. Men eg har det godt med det at eg reagerer ikkje på motbør gjennom avisene. Eg freister å følgje den regelen at ein må finne ut kven ein er og komme seg ned på jorda, seier Eivind.

Økonomisk krakk kjem vi ikkje utanom

Om velstandsutviklinga i våre dagar seier Eivind at han slett ikkje er blind for dei fordelane vi har hausta. Men han er samstundes oppteken av på kva måte krakket vil komme. For eit økonomisk krakk meiner han vi ikkje kjem utanom. Om ikkje før, så kjem det når vi har botnskrapa alt som heiter ressursar, og eg trur vi har godt av å komme ned på jorda att. For det er eit korrupt og usunt samfunn vi har fått med kapitalen som styringsorgan. Store samfunn har gått til grunne gjennom tidene fordi velstanden har vorte for stor, og slik vil det sikkert gå heretter også. Menneska står på staden kvil. Dei har ikkje følgd med den materielle revolusjonen. Byråkratiet er komme for langt når det meste blir avgjort bak ein skrivepult, seier Eivind.

Kva er ekte norsk?

Gamle ord og uttrykk har alltid interessert Eivind, og han er derfor naturleg nok interessert i språkutviklinga her i landet. Han trur vi må komme fram til ei felles nynorsk norm ein gong. Men kva tid er ikkje godt å vite, for den eine vil inn og den andre opp på taket, seier Eivind, som meiner det er farleg å vere språkfanatiker for det er ikkje alltid så godt å avgjere kva som er ekte norsk.

Eivind har fått seg ein vakker heim. I 1947 gifta han seg, og han og kona Anne fekk kjøpt småbruket Stormyren. Der har Eivind restaurert husa og går med planar om nye utvidingar. Mykje av tømrararbeidet held han på med heime, slik at han kan stikke inn til Anne i blant og få ein god kaffeskvett og ei pipe tobakk medan han les avisene for dagen.

Eivind har også vore med i Skilaget Tormod i mange år, og er æresmedlem i laget frå 1965.

Kva ville så Eivind ha slege inn på om han var ung i dag?

– Eg er vel så mykje materialist at eg hadde vorte tømmermann, for det trivst eg best med, seier Eivind.

Ein annan av dei gode, gamle journalistane i Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer, Torbjørn «Tobben» Mathisen, likte og å prate med Eivind Budsberg og hadde eit langt intervju med han i 1971.

Dei kom da inn på framtida til Vinstra sentrum, og eg tek med tankane Eivind hadde om dette:

Hvordan går det på Vinstra da, Eivind, med reguleringen og slikt?

– Og det er ikke alt som er like bra. Får vi den nye E-6 på vestsiden, tror jeg hele sentret vil forskyve seg. Byen skulle ha ligget i Oddmoen og Lomoen. Derfor er reguleringsplanen som de driver med nå, lite aktuell. Jeg tror at der søppelplassen nå ligger, kan det kanskje bli Vinstras fremtidige torg , sier Eivind Budsberg i Sorperoa. En slags kulturpersonlighet med et glimt i øyet som gjør at vi ikke riktig vet om han mener det alvorlig eller ikke. Men moro er det å snakke med ham. Å ta seg tid til å slå av en prat i ro og mak. La han tenne pipa og se på røyken og fundere litt over både det ene og det andre. Det var derfor vi intervjuet ham. Men å tegne et bilde av Eivind Budeberg gjør man best ved å møte ham selv. Over en kopp kaffe på Pettersens kafe eller hjemme i den hyggelige stua hans.

Eivind døydde knapt eitt år etter dette portrettet vart skrive.

Henta frå FB-sida til Paul Henrik Hage

0 Comments

Submit a Comment