Gud må vere gudbrandsdøl

Historia om den første høgfjellkonserten ved Rondablikk

Slik såg scena ut i ved den første konserten 1996

VIDAR OLAUSSEN: Peer Gynt ved Gålåvatnet vart fort ein suksess etter starten i 1989. Etter at stemnet vart årleg frå 1967, var konsertar også ein sentral del av stemnet. Men nokon klar profil for konsertsatsinga var nok ikkje lagt. Eg vart spurt om å ta over ansvaret for konsertane for 1996-sesongen etter Jon Lunke. Det var ikkje unaturleg å sjå til suksessen som teatret hadde og prøve å skapa noko liknande: å utnytte dei vakre fjellområda våre til spektakulære konsertopplevingar. Leitinga etter arena kunne starte, og når vi fyrst fann denne, var Eldar Hansen den viktigaste aktøren for å utvikle høgfjellskonserten.

Vi måtte ha god tilgang til straumforsyning, vi måtte ha god tilgang til toalettanlegg, og arenaen mått liggje lett tilgjengeleg. Eg starta med å blinke ut tre område: I fjellsida opp mot Valsfjell, på Sødoprfjellet og på Kvamsfjellet. Vi kom fort fram til at det var ønskjeleg med ei lokalisering på austsida av dalen, for å ta denne delen av området vårt sterkare i bruk under stemnet.

Og slik såg scena ut i 2025. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Det vart ein seinvinter og vår med mange fine turar rundt Furusjøen! Og tok skia fatt og gjekk turar rundt på leiting. Til slutt sto eg med to stader ikkje langt frå Rondablikk. I ei synfaring med arragementskomiteen landa vi fort på arenaområdet. Per Ottesen var med i arrangementskomiteen, og han meinte staden lå for langt unna hotellet. Per var stor og tung den gongen, men han gav seg. Og da eg tok med Eldar Nilsen til åsryggen bak amfiet og han såg staden med Furusjøen og Rondane i panorama, var all motstand borte.

Arenaen vart klargjort. Hogst av krattet i skråninga på ein mest skånsam måte., fjerning av to jordkvepsbol midt i publikumsområdet, bygging av ei scene med enkle grønnmåla sponplater rundt kantane for å skjerme for vind, og elles ingenting. Kva om det kom regn? Vi hadde gjort avtale med Rondablikk om å få nytte grunnetasjen opp hotellet og ha konserten der om regnet trua.

Det var ikkje vegar i området. Flygelet vart kjørt inn til scenen på ein kyrkjegardstraktor som skulle vere skånsam mot skråninga med fjellvegetasjon. Ti mann bar det 600 kg tunge flygelet frå traktoren til scenen, og pianstemmaren Libakken stod klar da flygelet var på plass. Per Tofte hadde sagt ja til å leie konserten.

«Gud må være gudbrandsdøl» vart Per Ottesen sitert på i Dagningen etter konserten. Vêret hadde slått til, publikum kom i sstore mengder – meir enn 500 – det var mykje for ein klassisk konsert den gongen – og pressa var begeistra: heilsides oppslag i både Dagbladet og VG var ikkje dagleg kost.

Redigert utdrag frå artikkelen «Høgfjellskonserten ved Rondane» i Fronsbygdin 2019

Loading

0 Comments

Submit a Comment