Han laga «Hundorpen», ein vakker, ekte dølamars

IVAR KLEIVEN: Mannstukta i militærtenesta var hard og rå før i tida, og spissrotstraffa, som jamnt vart brukt til omlag 1750, var så stygg og umenneskjeleg at ho kunne gjera folk mørkredde vidt omkring. Mang ein stakkar har sprongje spissrot på Breivegen dei halvtanna hundråret det var eksisplass der. Det har like til i seinarer tid gått eit sagn om ein frøning som hadde gjort noko gale i eksisen, så han vart dømt til å springe spissrot på Breivegen. Guten var nok god spelmann og var kanskje vellikt av offiserane ôg, men mannstukta lyt gå sin gang.
Da var det at kompanisjefen hans lova han at kunne han gjera ein god spissrotmarsj og låte om morgonen når han skulle stille på plassen for å springe spissrot, så skulle han sleppe.
Guten skulle vera frå Hundorp og var kalla Hundorpguten, men om han var frå Hundorp, eller kanskje berre ha soldatlegda si der, er ikkje meir kjent.
Om morgonen kom guten på lina og lêt ein marsj i spissrottakt så vakker, at alle tykte dei ikkje hadde høyrt finare marsj. Og Hundorpguten slapp å springe spissrot.
Denne marsjen er endå til, og gamle spelmenn har låte han og kalla han «Hundorpen». Marsjen er ein vakker, ekte dølamars.
Frå Fronsbygdin 1930
0 Comments