Karl Lillevold fortente eit minnesmerke
PER OTTESEN: Dette er eit bilde med mange følelsar for skrivaren. Minnesteinen over Karl Lillevold er viktig og i høgste grad fortent, men det ligg meir her. Karl Lillevold var lærar i Venabygd, men også klukkar og kyrkjesongar. Han budde i ”Klukkargarden” i Venabygda, og for oss som ikkje kjende han så godt personleg, møtte vi han som dirigent i felleskoret på songarstemna. Han var ein fantastisk dirigent. Han ”dro” tonane ut av oss gjennom ein intens innleving i songane. Vi måtte ”gi alt” når han dirigerte. Dette bildet frå avdukinga av minnesteinen er også spesielt. Are Stauri t.v. (1912-1972), som var leiar i ”minnesteinskomiteen” og dirigent i Vinstra Sangkor i mange år, var sjuk i dette høvet, og døydde også om hausten 1972. Det var svært viktig for han å få gjennomført dette prosjektet. Jens Sundt (1916-2007) var leiar i Gudbrandsdal Sangerforbund og også svært oppteke av at dette prosjektet måtte bli realisert, for Karl Lillevold var ein mann som fortente eit minnesmerke. At Oddmar Myrum fekk teke dette bildet ved avdukinga ser vi som særs viktig, og minnast Karl Lillevold med verselinja på steinen: ”Uten sang er ingen vår”.
0 Comments