Mange frøningar vil hugse det store Holberg-jubileet i Sør-Fron i 1998. Ein markerte og feira at det var gått 300 år sidan diktaren Ludvig Holberg måtte reise frå prestegarden attende til Bergen. Her ser du skodespelar Frode Rasmussen som Holberg og sokneprest Knut Kvidaland som seg sjølv i prestegardshagen. Dei to åra Holberg var i Fron sette spor i forfattarskapen hans, sjølv om han mislikte seg blant frøningane.
0 Comments