
Olav Bratland la ikkje skjul på kva han meinte.
Artikkelforfattar Olav Bratland vart vigd spesiell plass under lanseringa av Fronsbygdin 2014, skriv Dølen. Han var lærar på Vinstra vidaregåande skule i 41 år og har skrivi om sitt liv ved skulen. -Eg har vore her veldig lenge, nokon trur at eg alltid har vore her, seier Bratland, som gjekk av med pensjon i fjor. Han lyfta fram fire av skulens rektorar og såg skulehistoria i ljos av dei. Han la ikkje skjul på at det er tøffe tider for skulen:
-Men det har vore strid om denne skulen til alle tider. Mellom Sel, Ringebu og Nord-Fron, sa Bratland, som ikkje akkurat la skjul på kva han meinte om måten den gamle storskulen på Furuheim har vorte behandla på frå skuleeigar Oppland Fylkeskommune gjennom åra.
-Reaksjonane på boka har vore svært gode, sier Rasmus Stauri til Dølen. -Her er alt frå dristige artiklar om preventivmidlar på Sør-Fron før i verda til skildringar om ymse storfremon i Kvam og eina artikkel om ein kjønnåsings frykt for å møte framande ungar på Frya, fortel Gard Espeland.
0 Comments