Blir det eit tårn for Christoffer Stixrud?

skjermbilde202019-05-2120kl.2014.16.20

Skisse av det planlagte Stixrudtårnet.

Nord-Fron kommune vil gje dispensasjon til å bygge Stixrudtårnet i Sødorp. Kven var han, denne målaren som brukte dei fyrste krigsåra til å byggje nybrotet Temorka øvst i Sødorp? Det fortel Jon Steihaugen i ein artikkel i Fronsbygdin 2005:

62102984_1779014135535333_3780668717768114176_o

Christoffer og Olaug fotografert av Mabel Hage f. Løkken på Gutubakksetra på 1930-talet. Dei leigde dette selet før dei fekk bygd eige hytte like ved, ved Litlgardssetra. Foto frå Paul Henrik Hage

 

5214-20170901073716116543

Skarven

JON STEINHAUGEN: Dei fleste måleria av Christoffer Stixrud (1900-1968) som er i privat eige i Nord-Fron, er måla i krigsåra 1940-45 og fram til -47. Det har si naturlege forklaring. På grunn av krigsutbrotet flytta familien frå Oslo til Vinstra og leigde seg hus på Nybakk i Sørdorp. Dei fyrste krigsåra brukte dei til å byggje nybrotet Temorka øvst i Sødorp. Der hadde dei både ku, gris, sau, geit og høner. Stixrud var gift med Olaug Longva, dotter til lærar og klokkar i Sødorp.

 

5213-20170901073715850392

Stubrobekken

images-201610090004-9966400

Motiv frå Peer Gynt seterveg

21460

Landskap med elv

Christoffer Stixrud kunne utføre arbeidet sitt raskt og sikkert. Ei historie etter Ragnhild Green fortel noko om dette.

Ho var budeie på Byrløkkesetra på Lauvåsen en sommar. Ein dag ho skulle i fjøset for å mjølke, sat Chr. Stixrud og måla ovanfor selet.

«Du har måla så mange bilde tå setra her, at nå han du måle eit åt meg au», sa ho.

«Ja, har du noe å male på, så», sa Stixrud.

Til alt hell fann ho ei lita huntonittplate og gav han.

«Å trur du itte at da eg var ferdig med å mjølke, var han ferdig med maleriet. Å fint vart det au.»

stixrudbrabndvoll

Brandvollsetra, olje på plate

I 1937 måla han mange måleri frå området rundt Sulsetra på Sødorpfjellet. Nokre små målerier måla på treplater. Dei framstiller seterhus, uthus og løer og er spesielt vakre. Mange av måleria har ôg kulturhistorisk interesse, sidan mange av husa er borte i dag. Eit av måleria viser at det ved Brandsvolsetra var vasshjul i elva Sula. Eit anna at det var vassrenner frå Sula langs «Gutua» i Sødorp. Eit tredje viser utedassen på Lykkjom med døra vend ut mot E6. Trafikken var kanskje mindre sjenerande den gongen!

5207-20170901073709408800

Foss i sol

Det eldste måleriet frå Nord-Fron som eg har greitt å registrere, er frå 1929. Motivet er ungjenta Olaug Longva sitjande ved peisen. Det er kveld. Motiv i kunstig lys brukte Stixrud mange av i måleria og litografia sine.

74143616529f79a28a21c74098eebf0a-full

Øvre Tjuruva

Redigert utdrag frå artikkelen «Kunstmålaren Christoffer Stixrud» i Fronsbygdin 2005

 

2 Comments

  1. Anders Haugen

    Det finnes eit bilde av Sandbu i Ruste. Eigar Morten Midtskog

Submit a Comment