
Kvam på 1930-talet. «Vi frå Sørbygda måtte ikkje sjeldan redde oss ut skuledøra for å sleppe straff som «bønder».»
HELGE STORMORKEN: Den store verdskrisa i 1920-30 åra gjekk særleg hardt ut over Åa i Kvam. Sjølv om det var fleire frikjøpte husmannsbruk med dyr, gav det ikkje nok til leveleg liv. Arbeid utanom var ikkje lett å få, og utan skilling vart det mangel på mat, klede og sko. Fattigdommen var ein klar fare for helsa og førte med seg mye sjukdom og matmangel, særleg frukt og grønsaker.
Det var ikje å vente at synet på dei som hadde mat, klede og betre husvære på godt synleg avstand, var hjarteleg. Bitterheit, hat og opprørstankar vart født og nørt. Det endte i ei vond stemning mellom dei to reppane, Åa og Sørbygda. Men berre eit fåtal ville ha open kamp – det vart mest ordkrig. Enden vart nokre kommunistar og militante aktivistar, Folkets Hus og Arbeidsidrettslag – for ei stund.
Vi frå Sørbygda måtte ikkje sjeldan redde oss ut skuledøra for å sleppe straff som «bønder». Underlegne i tal og ikkje støtt raske nok, kunne det bli skikkeleg juling, der naseblod eller sprekne lepper var seierssignal. Ovørju vart sjeldan brukt, det var ein viss kampmoral.
I ungdomshuset au vart det av og til harde tak mellom nord og sør, der det blinka i kniv og knasa i flaskeglas. Men vart det ropt at lensmannen var varsla, kom det ro i røra. Ingen ville i klypa åt Haanshus, øverheita hadde respekt den tida. Når ein ser bort frå desse «skjermyslom», som kunne vera såpass alvorlege at dei vart omtala lenge, forstod dei fleste at forstand måtte til i oppgjeret – den eine hadde bruk for den andre.
Når ein ser denne polariseringa mellom dei to reppane, Sørbygda og Åa, i perspektiv, er den interssant for utvikling av evner som ligg gjømt. Noko før og etter 1930 var innsatsen på kultursida, idrett fråsett, merkbart større i Sørbygda enn på Å’n. Politiske lag var det på båe sider, det var ein sosial kamp som stod på. Der var innsatsen nærasts lik på båe sider. Gardbrukarar og lærarar stifta au idrettslag, musikklag og ulike andre lag innafor yrket.
Ser ein 20-30 år framover, er det nærast omvendt. Åa blir eit doggfriskt samfunn med pene, rommelege hus og velstelte hagar. Denne fysiske endringa kjem av økonomisk vekst for alle, både under og etter krigen. Men Åa er forandra elles au: dei har teke over mykje av skaperevna. Ikkje berre står fysisk fostring på topp, med fotball som spjutspiss. Andre kulturformer er au langt framme. Særleg gjeld det musikklivet, der både korpsmusikken – må hjelpe Vinstra 17. mai! – band og enkeltmannsinnsats er tydeleg. Vidare finst det revytalent. «n’Hjalmar», skulefolk som Arvid Ødegård, og til og med landskjent redaktør og forfattar Ingar Sletten Kolloen, slektsgranskar og lokalhistorikar Fredriksen, gryndarar i entreprenørfag og logistikk, Brendemoen, Kolloen, Jonsen, Kamp.
Gavene som ligg til grunn, har sjølvsagt vore der i endelause slektsledd. Men fysiske vilkår skulle til før blomstringa tok tak. Og verda blir betre.
Frå artikkelen «Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstår del 2», Fronsbygdin 2008.
0 Comments