Høgtidsam jolehelg

61044_472580989467338_1265220966_n

Med desse gamle julekorta frå FB-sida Det Gamle Norge ønskjer Fron historielag ei fredeleg julehelg for alle medlemmane våre, for alle som blir medlem i 2017, for alle som er interesserte i lokalhistorie – og for alle lesarane på denne sida. Og vi gjer det med litt historie på dette viset:

HØGTIDSAM JOLEHELG OG SIGNINGSRIKT NYÅR !
-Eg sluttar meg til den helsinga som professor Olav Midttun brukte på julekorta han sendte ut i 1950-og 60-åra. På den tida kunne du berre skrive inntil fem ord på eit julekort før portoen gjekk opp. (Hadde ikkje noko med vekt å gjera, men ved meir enn fem ord gjekk det over til brevporto). Såleis: I staden for å skrive det snaue «god jul og godt nyttår», fekk han til meir innhald, meining, optimisme og poesi ved å skrive «Høgtidsam jolehelg og signingsrikt nyår!» – Nokon betre? Skriv Hallgrim Berg på Facebook-sida si.

 

149701_472584002800370_1179835949_n

julekort

 

 

0 Comments

Submit a Comment