Hoppbakken som vart demd ned

by | 13. mar 2019 | Idrett | 0 comments

hopp1

Veslumkollen i Skåbu, truleg i 1952. Bildet lånt av Sjur Sande

PAUL HENRIK HAGE: Veslumkollen i Skåbu låg ved det nedste av Vinstervatna, Olstappen (666 m over havet), og hadde flata på isen. Bakken vart teken i bruk i 1946 etter mykje arbeid av medlemene i Skåbu idrettslag og var nedlagt alt fyrst på 1950-talet på grunn av kraftubygginga i elva Vinstra. Olstappen vart reguleringsmagasin, bygd 1953-55. I fyrste rennet i 1946 var lengste hoppet 41,5 m. Ivar Løkken, Vinstra fekk Damenes pokal i det rennet og vann 1. pr. i 1948. Det er han som er avbilda over i svevet, truleg i 1948.

hopp2

Ivar Løkken, Vinstra i Veslumkollen 1948. Bildet lånt av Ola Løkken.

hopp3Skåburennet var i påskehelga og trekte ofte mange deltakarar, også langvegs frå. Arne Hoel, Varg Oslo hadde slektningar i Skåbu og deltok ein eller to gonger. I 1947 sette han bakkerekord med 47 m.

Paal Clasen, Lyn som seinare vart kjendis som turnkommentator i fjernsynet, vart nr. 2 i kl. A i 1950.

I boka «Skåbu. Ei fjellbygd i Jotunheimens forgård» (2003) av Arvid Møller står det at Arne Hoel hadde bakkerekorden med 51 m, og at både trøndaren Sigurd Smedplass, som arbeidde ved kraftanlegget, og Arne Kjørum frå Vinstra (far til Hamar-hopparen Jon Inge Kjørum), hoppa 49 meter i same rennet. Årstal er ikkje nemnd. Eg har ikkje funne dokumentasjon på dette i avisreferat frå dei åra, men at Torbjørn Moen, Dombås og Kåre Sørlien, Fåberg slo bakkerekorden til Arne Hoel med hopp på 49 m i 1951. 

Idrettslaget fekk erstatning for tapet av bakken og ville bruke det til å byggje ny bakke, men det vart det ikkje noko av. Pengane vart brukt til idrettsbane ved skulen, og det har ikkje vore nokon større hoppbakke i Skåbu etter Veslumkollen.

 

 

 

 

 

 

 

0 Comments

Submit a Comment