Daude myser og lite vatn på pionerskulen i Sør-Fron

KÅRE SVEINHAUG: Alt i 1959 tok Sør-Fron ungdomsskule til. Ikkje berre var det den første ungdomsskulen i Gudbrandsdalen, men ein av pionerskulane av dette slaget i landet. Eg vart svært glad og opplevde det som eit privilegium å bli tilsett som nyutdanna lærar ved Sør-Fron ungdomsskule i 1959, og eg var der til sankthans i 1966. Året før hadde eg gjort frå meg gymnaset, det militære og toårig lærarskule. Eg hugsar vi var tre unge lærarar den hausten. Dei eldre lærarane var flinke og hadde solid fartstid frå framhalds- og realskular i Fronsbygdom og Ringebu. I Sør-Fron fekk vi arbeide saman med skuleglad, arbeidsviljug ungdom og skuleinteresserte foreldre. Vi skulle drive forsøk med niårig skule. Også for røynde lærarar var det mykje nytt. Vi hadde ofte møte for å løyse flokane i lag. Det kunne bli livlege, ja, kvasse diskusjonar, slik demokratiet skal brukast. Det var aldri uvennskap. Rektor, Jørgen Tunold (1919-1981), kunne ringje til Forsøksrådet om råd, men vart oftast avvist med at det var nettopp vanskar vi skulle finne ut av og dermed skape viktig erfaring.
Mange meinte at ungdomsskulen i Sør-Fron burde ha vore lagt til Hundorp for å styrke sentrumsdanninga i bygda. Der var kommunale kontor, butikkar, den vakre kyrkja, og der hadde til og med maktsentret for heile Gudbrandsdalen vore i eldre tider.

Glasmestermoen heitte folkeskulen på Harpefoss-solsida i gamle dagar. Der heldt framhaldsskulen til før ungdomsskulen kom. Med litt tilbygging som gymnastikksal kunne ungdomsskulen nytte det fine anlegget på Glasmestermoen. Sløyd for gutar hadde eige hus med to rom for tre- og metallarbeid. Dette sløydbygget var bygt så stutt etter siste verdskrigen at moderne isolasjon som steinull og glasvatt ikkje var komne i bruk. Uff, det var kaldt der vinterstid!
Etter kvart hyste skulen tre årskull. Det laut byggjast fleire vanlege klasserom, og lærarrommet vart au for lite. Eit klasserom vart teke til det formålet, men der var det ei spesiell vemmeleg lukt. Ytterveggen vart oppriven, og i denne låg dyngar av daude myser og rotna. Knottinga mangla mellom underliggjar-borda nedst på kledningsveggen mot søraust. Her var det stutt avstand mellom grasplenen og veggen. Når kulde og snø meldte seg om seinhausten, søkte mysene inn etter mat og varme. Dei greidde å ta seg oppover veggen, men fann ikkje vegen ned att.
Det kunne bli i minste laget med vatn i skulebrunnen, særleg under kalde vintrar. Tøffe elevar kunne nok rulle seg i snøen etter gymtimane, men dusjen laut stundom droppast. Det hende at vatn vart kjørt til brunnen, men det var dyrt. Vaktmeisteren fekk ofte store problem med at kloakksystemet tetta seg. Mang ein seinkveld og utover natta bar han kloakk ut frå ein stakekum og fekk orden på kloakksystemet til neste skuleldag. For eit arbeid! Lærarane formana elevane, ikkje minst jentene, at dei aldri måtte kaste noko anna enn toalettpapir i skåla. Eit annan doproblem: I mange år vart lokka på doskålene sundslegne. Lærarane heldt god vakt der, men det tok si tid før vi fann gjerningsgutane som hadde «doskjending» som hobby. Dei heldt så godt vakt under aksjonane sine. Vanlegvis var dei blide og snille gutar.

Etter snart 60 år hugsar eg best at eg vart så glad i desse gode ungane, som var så livlege og hadde stor hug til å lære. Men eg minnest likevel ein elev som ikkje hadde det så godt med seg sjølv. Han var uroleg og forstyrra oss. Det var siste friminuttet ein dag. Denna guten kom inn lenge etter timen var begynt. Så jamra hans seg: «E må på do!» «Heretter må du passe på det i friminuttet «, sa eg. Da pissa han på golvet!
Eg gjekk ikke til rektor med den soga. Helsesøster fanst ikkje. Kvelden etter dette fekk eg tala med Ola Hosar under fire augo. Vi var alt venner. Han var ein svært dugande kar og eit fint medmenneskje. Slik var også Kåre Flåskjær, som eg også søkte råd hjå. Både gav meg verdfulle. snille og gode råd. Det ordna seg snart med å gje guten mykje oppmerksomheit og godord, så han følte seg trygg. Eg vann tiltru. Godungar!
På veggane i dei vanlege skuleromma hekk vakre oljemåleri. Dei fleste var skapte av kunstnarar frå dalen. Dette skapte trivsel. Ordførar Hernæs var stolt over skulen han hadde kjempa for, og han fann også løyving til nokre biletkunstkjøp årleg.
Eg blir alltid glad når vi kjører gjennom Sør-Fron og ser kor vakkert og velstelt det framleis er der. Det er visst slutt på vassløysa på Glasmestermoen. Her er bygt badehus og flottaste kulturhus.
0 Comments