Ikkje godt å vere barn

by | 28. jun 2018 | Biografiar | 0 comments

Dei fattigaste dreiv omkring og tigga

guttRAGNAR ØVRELID: Over tredelen av folket i Fronsbygdene var barn fram til 1865. Kva skulle foreldra gjere med dei? Korleis skulle dei fattige familiane greie dette? Vi høyrer om barnedrap, om barn som blir utsette i skogen, barn som blir attlagde på tropper og i dører hos betrestilte, i kloster osv. Foreldra har ikkje orka tanken på å skulle fø dei opp.

Slikt høyrer vi kkje om hos oss, i alle fall ikkje i Fron. Likevel fekk fronspresten i 1825 pålegg frå departementet om at

forholde foreldre deres pligter med hensyn til omhyggelighed for ikke ved uforsigtighed at være årsag i deres barns død.

Sikkert er det at «ihel-liggelse om natten» var ei vanleg dødsårsak hos småbarn til fram på 1800-talet. Forldra og dei minste barn låg gjerne i same tronge sengene, og vi får vel tru at tilfella kom av tung søvn, kanskje kombinert med alkoholrus. Folk drakk mykje før 1850, både menn og kvinner.

Mange foreldre fekk andre til å ta seg av barna, pleieforeldre til barn på 2-3 år finn vi også i folketeljinga frå 1865.

Dei fattigaste barna drog periodevis omkring og tigga, både her i Fron og lange strekninger omkring, i Romsdalen, Trøndelag.

Dei aller ynkelegaste blant barna hadde knapt det dei kunne kalle foreldre. I fattigprotokollen 1742 les vi om slike som streifa omkring på eiga hand. Brørne Ole, 8 år og Knut 4 år, far og morlause, Marit, 14 år og veslebroren Hans 5 år, begge foreldra døde, streifa omkring og tigga. Etter det soknepresten skreiv i fattigprotokollen i 1742, brydde ikkje foreldra seg så mykje om barna sine, men let dei gå omkring og tigge. Mange hadde gift seg i unge år, eller

i letferdighed avled børn som desværre altfor meget befindes.

tegn2

Tegning: Amund Hagen, Oppdal

Sjølv hadde presten tatt i huset sitt ein gut på 12 år og en på 7, saman med ei einleg kvinne på 64, «hvilke alle ellers måtte tigge.» Men han reknar ikkje med at bøndene i bygda ville gjere det same, dei «formene sig at være for betyngende og vil derfor ei antage dem.»

Så her måtte fattigvesenet ordne opp. Dei uslaste barna vart plasserte i såkalle skolelegd, dei budde da fast på ein gard som fekk refusjon av fattigkassa. I 1853 var framleis 39 barn på skolelegd. Desse barna hadde det ofte vondt. Folka dei budde hos, plikta å gje dei ei god og kristeleg oppseding, så legdsbarna arbeidde hardt og fekk få gleder. Vi les om dei som rømde, bort frå garden, ut av bygda, men som lensmannen henta tilbake igjen.

Mange av desse fattige barna var sjølvsagd harde og vanskelege, slik situasjonen tidleg har forma dei. Torgeir Bjørke klaga i 1847 til fattigstyret over guten Hans, «som rømmer gjentagende fra legden, oppfører sig uskikkelig og farer med løgn og sladder.»

Når over ein tredel av befolkninga var barn, er det klart at dei ikkje berre kunne leike seg medan dei venta på neste måltid. Dei måtte tidleg settast i arbeid. Heime var dei i sving frå dei var små, med vedbering, vasshenting, pass av yngre søsken. Barna var ikkje store før dei vart gjetarar. Det var jobben deira å halde udyra borte, spesielt ulven, «som her finnes i mængde» (Schiøth 1943). Og ungane skulle ikkje berre gå og drive mens dei følgde kyrne heller, særleg av jentene vart det venta at dei heile tida hadde handarbeid med seg, eit strikketøy eller ein handrokk. Tungvunne fôr vart sanka og lagra på fjellet, mose, ris og greiner og køyrt heim og vinteren. Det var ein uøkonomisk driftsmåte, men «bønder som kan nytte deres egne børn dertil, må bruge dem til noget», skreiv Schiøth.

Lærar og ordførar i Sør-Fron, Peder Nilsen, fortel om sin barndom som gjetar ikring 1920:

Jeg og min broder levede nesten hver sommer i sæteren, kledte de første år med knebukser og for en stor del streifende om barbenet, hvorved de arme tær fik mangen liden skramme. Undertiden talte vi os imellem, at når vi vare blevne store, vilde vi bort at tjene, for da kunde vi få god mat og drikke. Høyere end til tjenestegutter steg ikke våre forhåbninger. Blandt de lyse barndomsminner fra seteren må jeg nevne nogle. Når blåbærene blev modne var det en hel liden fest at gå ud med skål eller fad og «hemte bær.» Vi fik da gjerne sød melk og spiste bærsold. I skogene i Børkdalen var det på de tider meget rovdyr, særlig bjørn. Hvor mange gange hørte jeg ikke min troende mor bede Gud bevare hendes kreature. I den lange tid fra 1810 til 1852 mistet hun ikke et eneste dyr ved ødeleggelse av rovdyr, mens mangen ku og okse dreptes for andre på Bjørkdalen. Selv har jeg hørt den del av jammeren på 2 à 3 kjør, som bamsen nedslog.

Husmannsbarna måtte ut og tene når dei var konfirmerte. Dei som var att heime, dreiv i regelen plassen sammen med ei einsleg mor. Husmannsbarna vart gjerne gjetarar og tok anna arbeid frå 10-12 årsalderen, mot kosten og kanskje nokre klesplagg.

Redigert utdrag frå Historia om Fron, bind I

 

 

 

 

0 Comments

Submit a Comment